Faktaboks

Innbyggjartal
214 (SSB, 2023)
Landareal
0,5 km²
Tettstadsnummer
6185 Tresfjord

Tresfjord er ein tettstad i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,5 km², og har 214 innbyggjarar (2023).

Tettstaden ligg innerst i Tresfjorden, og var kommunesentrum i den tidlegare Tresfjord kommune. Her er meieri med osteproduksjon, og dessutan verkstadsindustri. Tresfjord kyrkje er ei åttekanta trekyrkje frå 1828 som er fint dekorert og har ein antemensale frå 1300-talet. Like sør for tettstaden ligg Tresfjord Bygdemuseum (stifta i 1943), som er eit friluftsmuseum med eldre hus og inventar.

Fyrste ledd i namnet kjem frå elvenamnet Tressa, som ikkje er sikkert forklart. Det er føreslege eit opphavleg fjordnamn, Þræsir, som kunne hengje saman med nynorsk træsa, som tyder å 'gå kvilelaust fram og tilbake, trave omkring', og siktar til den sterke straumen i fjorden.

Kart

Tresfjord
Tresfjord
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (1)

skreiv Øyvind Granberg

Inne i fjordbotn, kommer det tre elver fra fjellene rundt bygda, Disse er Ådalssleva, Dalselva og Kjersemelva. Disse tre, derav ordet "tres", samles på Rypdal til elva Tressa.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg