Faktaboks

Tove Jansson
Tove Marika Jansson
Uttale

t'o:ve j'a:nsånn

Fødd
9. august 1914, Helsingfors, Finland
Død
27. juni 2001, Helsingfors, Finland
Tove Jansson på Klovharun
Tove Jansson var ein finlandssvensk målar og forfattar. Gjennom barnebøker og ein avisteikneserie vart ho verdskjend for historiane om Mummitrollet.
Av /© Moomin Characters™.
Sjølvportrett med mummitrolla
Av /© Moomin Characters™.

Tove Jansson var ein finlandssvensk forfattar, kunstnar, illustratør og teikneserieskapar. Ho er mest kjend for dei populære bøkene om Mummitrollet, som gjorde henne til ein dei største barnebokforfattarane i Norden på 1900-talet.

Jansson dyrka også andre fagfelt, som illustrasjon, måleri og romanar for vaksne. Mange av vaksenromanane hennar har sjølvbiografiske drag.

Unge år

Tove Jansson voks opp i ein finlandssvensk kunstnarheim som dotter til teiknaren Signe Hammarsten-Jansson (1882–1970) og bilethoggaren Viktor Jansson (1886–1958).

Faren var ein middels vellukka kunstnar, med sans for ein kunstnars frie livsstil. Mora hadde fast stilling som seddel- og frimerkekunstnar, ved sidan av fleire frilans illustrasjonsoppgåvar. Ho var prestedotter frå Stockholm, og den som heldt familien flytande. Tove var eldst av tre sysken, med dei yngre brørne Per Olov (1920–2019) og Lars (1926–2000). Tove Jansson hadde eit tett og nært forhold til mora Signe heile livet, medan forholdet til faren var meir samansett.

I 1930 flytta Tove, 16 år gamal, til Stockholm, der ho gjekk på teikneskule ved Tekniska Högskolan frå 1930 til 1933. Etter at ho vendte heim til Helsingfors, studerte ho i målarklassen på det finske kunstakademiet Ateneum.

Gjennom 1930-åra og 1940-åra livnæra Jansson seg som grafikar og illustratør. Ho var også aktiv som målar, novelle-forfattar og på andre kunstfelt. Dei første arbeida kom på trykk medan ho var i tenåra. Ho debuterte på utstilling med eit teikna sjølvportrett i 1933, og same året ga ho ut biletboka Sara och Pelle och Neckens bläckfisker.

Frå 1935 var Jansson knytt til det politisk-satiriske månadstidsskriftet Garm, der ho etter kvart laga meir enn 100 framsider. Ho teikna politiske karikaturar med brodd mot både Stalin, Hitler og Finlands allianse med Tyskland, og blei omtalt som Finlands beste karikaturteiknar.

Kjærleik i kunstnarkretsar

Sjølvportrettet «Gaupe-boaen», 1942
Av /© Moomin Characters™.

Det er eit visst preg av kunstnarbohem over Jansson sitt liv i 1940-åra. Ho var sambuar med den venstreradikale politikaren og journalisten Atos Wirtanen – i ei tid da sambuarskap ikkje var akseptert i det finske samfunnet. Ho var òg kjærast med målarane Tapio Tapiovaara og Sam Vinni – delvis samstundes. I 1946 innleidde ho eit kjærastforhold til Vivica Bandler. Bandler var teaterleiar og allereie gift med ein annan.

Etter at Jansson i jula 1955 blei kjent med den kvinnelege grafikaren og etter kvart kunstprofessoren Tuulikki Pietilä (1917–2009), innleidde dei eit kjærleiks- og sambuarforhold som vara livet ut.

Ei lita hytte som dei bygde på holmen Klovharun i Pellinge i den finske skjærgården sørøst for Helsingfors var Janssons og Pietiläs sommerparadis frå 1965. Familien Jansson hadde tidligere hatt andre sommarhus i Pellinge.

Mummidalen veks fram

Mummitrollet

Illustrasjon til Trollvinter, 1957. Mummitrollet vaknar opp ei vinternatt og kjenner seg forferdeleg ålene og forlaten.

Mummitrollet
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Under andre verdskrig byrja Jansson å skrive forteljingane frå Mummidalen. I 1945 kom den første boka om Mummiane, Småtrollene og den store oversvømmelsen.

Det store gjennombrotet kom med Trollmannens hatt, den tredje boka om mummiane, som kom ut i 1948. Boka skapte internasjonal merksemd, og mummi-industrien kom i gang, med produksjon av alt frå keramikktroll til teikneseriar, filmar og teater. Suksessen kom først i Sverige og England. Det finskspråklege publikummet i heimlandet Finland fekk sitt først møte med mummiane då Kometjakten blei omsett til finsk i 1955.

Frå 1954 til 1959 laga Jansson teikneserien om mummiane for The Evening News i England. Serien vart frå 1961 til 1975 vidareført av broren Lars Jansson. Utgivaren selde rettane vidare. I glanstida kom teikneserien om mummiane ut i førti land og hadde vel tjue millionar lesarar.

Dei siste Mummi-bøkene var prega av samspelet mellom bok og teikneserie, og bøkene utvikla seg frå å vere barnebøker, til å vere samansette, tvetydige allaldersbøker.

Sjølv om kjerna i Mummiuniverset er bøkene, var det teikneseriane som etablerte Mummidalen som eit melankolsk-filosofisk univers kjent over heile verda. Dette vart særleg forsterka med barne-tv-seriane som kom til i fleire omgangar og utgåver.

Om ein les mummibøkene som ein fabel om ein familie, høyrer familien til hjå bobo'ane borgarlege bohemar, med standsmessige sommarhus, ubekymra økonomi, liberale verdiar og trygge i sin eigen livsstil. Boboane har både økonomisk og kulturell kapital, og sameinar ein trygg økonomisk velstand med ein hippie-aktig, radikal motkultur.

Novella «Grantreet» frå boka Det usynlige barnet (1962) er ein populær og velkjend historie om mummiane sitt første møte med jula, julefeiring og juletradisjonar. Her kolliderer storsamfunnets tradisjonar og forventningar heilt med Mummifamiliens levemåte. Mummiane løyser flokane gjennom ein kombinasjon av originalitet og tilpasning. Gjennom forvirring og kreativitet lykkast dei med å skape ei julefeiring som verker å vere betre enn den tradisjonelle.

Målaren Jansson

Tove Jansson målar. Frå 1940-åra
Av /© Moomin Characters™.

Sjølv om Jansson i dag er kjend som forfattar og illustratør, var ho utdanna biletkunstnar, og ønska å arbeide som det. Kunsthistorikaren Tuula Karjalainen skriv i si bok om Jansson at målinga var det kunstfeltet ho både lengta til og strevde mest med å mestre, samstundes som ho hadde suksess på andre felt.

Ho etablerte seg som målar med separatutstilling på Konstsalongen i Helsingfors i 1943. Arbeidet med Mummibøkene og teikneserien gjorde at ho ikkje hadde ein jamn produksjon som målar, og ho hadde fleire «ny-debutar» gjennom åra.

I 1941 laga ho glasmåleri i restaurant Tullinpuomi i Helsingfors. Glasmåleri og veggmåleri var ein del av verksemda hennar i 1940- og 1950-åra. Hun laget veggmåleri i kantina til Strömberg Ab i 1945, i Helsingfors’ rådhus i 1947, i ein barnehage i Kotka i 1949, på sjømannsskolen i Kotka i 1952, fleire oppdrag i Helsingfors, og ei altertavle i Teuva kirke i 1953.

Som målar arbeida ho lenge innanfor det stilisert realistiske biletspråket ho hadde lært i første del av 1900-talet, men bevega seg i 1960-åra først over i eit formspråk der landskapet vart forenkla til formar og fargar, og etterkvart over i heilt abstrakte bilete.

Sjølvportretta med ulike formar for sjølv-iscenesetting var ein raud tråd gjennom kunstkarriera hennar frå den første teikninga i 1933 til det siste måleriet i 1975.

Ho illustrerte om lag 15 bøker av andre forfattarar, mest i 1940-åra. Av illustrasjonsoppdraga hennar er Hobbiten (1962) og Alice i Eventyrland (1966) mest kjende.

Forfattarskap for vaksne

Bokomslag  «Sommarboken»
Sommarboken (1972) er den mest populære i Janssons forfattarskap for vaksne.
Av .

Også novellane ho publiserte i 1930-åra har preg av sjølvopplevde hendingar, til dømes i ein form for reisebrev eller dagbokaktige skisser.

Bildhuggarens dotter (1968) var Janssons første bok skriven eksplisitt for eit vakse publikum. Det er ein indre sjølvbiografi av minne frå barnets synsvinkel. Den ytre, faktiske biografien er utelaten, men Jansson kunne rekne med at lesarane kjente til denne frå før.

Sommarboken (1972) skildrar samspelet mellom ei aldrande kvinne og barnebarnet Sophia på deira eiga sommarferieøy. Boka består av 22 frittståande kapittel, og tematiserer samspelet og kontrasten mellom den unge på veg inn i livet og den gamle på veg ut av tida. Boka kan lesast både som en vanleg roman, som eit minne om mora Signe (1882–1970) og samspelet mellom henne og Janssons brordotter Sophia (fødd 1962), og som ei slags vidareføring av Mummiuniverset. Livskjensla og skjergardslandskapet som ein møter her, har likskapar med Mummidalen.

I novellesamlinga Dockskåpet (1978) er det på same vis mange spor av Jansson og familien hennar i tekstene. Eit portrett av faren, ein dramatisert rapport frå bygginga av det dukkehusaktige Mummihuset, og ei skildring av det strevsame livet som teikneserieskapar. Sårast er «Den stora resan», ei skildring av tilhøvet mellom to kvinner, og begges vanskelege tilhøve til eg-personens mor.

Romanen Den ärliga bedragaren (1982) er eit kammerspel mellom to kvinner i eit bygdemiljø. Boka kan lesast som ein karikatur av to ulike sider ved Jansson sjølv; den upraktiske kunstnaren Anna og den strengt forretningsmessige Katri.

Også romanen Rent spel (1989) blir lesen som ei sjølvbiografisk bok, der forfattaren Mari og grafikaren Jonna skal sameine kunst, kjærleik, samliv og sjalusi.

Jansson har ògg skrive songtekstar, med «Höstvisa» (1965) som den mest kjende. Songboka Visor från Mumindalen kom ut i 1993, med melodiar av Erna Tauro.

Ettermæle

For Mummibøkene fekk Jansson i 1966 den internasjonale H. C. Andersen-prisen for barnelitteratur. Hun fekk òg ei rekkje andre svenske og finske prisar.

Janssons bøker er omsette til meir enn 45 språk. Ho fekk fleire prisar for det rike bidraget til barne- og ungdomslitteraturen, mellom anna Nils Holgersson-plaketten (1953), Elsa Beskow-plaketten (1958), den finske statens litteraturpris (1963, 1971 og 1982), Svenska Akademiens Finlandspris (1972) og Svenska Akademiens stora pris (1994). Ingen annan finlandssvensk forfattar har fått fleire litteraturprisar enn Jansson.

Mummimuseet i Tammerfors opna i 1987, og Mummiparken i Nådendal opna i 1993. Det finske postvesenet har frå 1992 gitt ut nærare 50 frimerke med Mummi-motiv, medrekna portrettfrimerke av Jansson på 100-årsdagen. Den finske porselensfabrikken Arabia har sidan 1990 gitt ut ein serie krus og fleire andre samleprodukt med motiv frå Jansson sitt univers.

Janssons fødselsdag 9. august blei i 2020 etablert som uoffisiell flaggdag i Finland, til ære for Jansson og for finsk kunst og kultur.

Johanna Venho sin roman Syyskirja (2022, «Høstboken» – ein tittel med referanse til Janssons egen Sommerboken) skildrar Jansson og sambuaren Pietilä den siste sommeren i hytta på Klovharun, medan Jansson ser attende på sitt eige liv.

Forfattarskap

For eit oversyn over Mummibøkene, sjå artikkelen Mummitrollet.

  • Bildhuggarens dotter 1968. Norsk Billedhuggerens datter 1969
  • Lyssnerskan 1971. Novellesamling. Norsk Den lyttende 1972
  • Sommarboken 1972, norsk Sommerboken 1973
  • Solstaden 1974. Norsk Solbyen 1976
  • Dockskåpet och andra berättelser 1978. Novellesamling. Norsk Dukkehuset og andre fortellinger 1978
  • Den ärliga bedragaren 1982. Norsk Den ærlige bedrageren 1984
  • Stenåkern 1984
  • Resa med lätt bagage 1987. Novellesamling
  • Rent spel 1989. Norsk Rent spill 1991
  • Brev från Klara 1991. Novellesamling
  • Anteckningar från en ö. 1996. Med illustrasjonar av Tuulikki Pietilä

Prisar og utmerkingar

Finske frimerke ved Janssons 100-årsdag i 2014

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Birgit Antonsson. Det slutna och det öppna rummet : om Tove Janssons senare författarskap. Stockholm, 1999. ISBN 9172038586
  • Christina Björk. Tove Jansson : mycket mer än Mumin. Bilda förlag, 2003. ISBN 9789157459671
  • Paul Gravett. Tove Jansson : illustratøren. Kontur forlag, 2023. ISBN 978-82-8450-025-6. Først utgitt på engelsk 2022.
  • Anders Heger. Mummitrollets mammas multitalenter: Om Tove Jansson som tegneseriekunstner. På Cappelen Damms nettsted boktips.no, 2015
  • Petter Karlsson. Muminvärlden & verkligheten: Tove Janssons liv i bilder. Stockholm: Ström, 2014. ISBN 978-91-7126-304-9
  • Jan H. Landro og Gunnel Malmstrøm. Tove Jansson. Bokklubben, 1993. Heftet hos Nasjonalbiblioteket.
  • Tuula Karjalainen. Tove Jansson: arbeide og elske. Heinesen, 2014. Først utgitt på finsk 2013. Boka hos Nasjonalbiblioteket.
  • Tordis Ørjasæter. Møte med Tove Jansson. Gyldendal, 1985. Boka hos Nasjonalbiblioteket.
  • Boel Westin. Tove Jansson: ord, bild, liv. Bonniers förlag, 2007. Den mest omfattende biografien.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg