Torvastad er eit sokn i Karmøy kommune og eit prosti i Rogaland. Soknet omfattar den nordlegaste delen av den eigentlege Karmøy med øyane utanfor (mellom anna Feøy).

Torvastad er kjent for dei historiske minnesmerka sine, mellom anna Rehaugene ved Karmsund bru med seks store gravhaugar frå bronsealderen og ei rekkje steinleggingar, haugar og bautasteinar frå jernalderen.

Torvastad kommune

Torvastad kommune omfatta frå 1837, då det kommunale sjølvstyret vart innført, nordre del av Karmøy, heile det noverande Haugesund, og dessutan Utsira. I 1854 vart Haugesund utskilt som eigen bykommune (ladestad, seinare kjøpstad), i 1881 Skåre og i 1924 Utsira som eigne heradkommunar.

I 1965 vart Torvastad (med unntak av Vibrandsøy, som vart overført til Haugesund) saman med størstedelen av Avaldsnes, Stangaland, Åkra, Skudenes, Kopervik og Skudeneshavn slått saman til storkommunen Karmøy. Torvastad utgjorde 26 kvadratkilometer og hadde 3783 innbyggjarar ved samanslåinga.

Torvastad sokn svarer til kommunen før 1965 med unntak av Vibrandsøy og områda på fastlandssida av Karmsundet (tre matrikkelgardar).

Førsteleddet i namnet kjem visstnok av mannsnamnet Torfi.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg