Torvald er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Þor-valdr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘herskar’.

Namnet har fleire variantar: Thorvald, Torald, Torvald, Torval.

Namnedag er 11. august. Tarald har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Torvald

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Torvald

Eit utval personar med namnet Torvald, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 319 menn i Noreg som hadde Torvald som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 15 gutar som fekk namnet Torvald.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Torvald og Thorvald slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Torvald og Thorvald skil seg ut frå dei fleste andre samansette nordiske namna ved at dei hadde ein tidleg toppfase (1865–1874). Dei fleste andre samansette namna hadde toppfasen sin i kortare eller lengre tid innanfor perioden 1890–1969.

Utvikling i bruk av namnet Torvald frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Torvald frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Torvald på 1800-talet.

Torvald var mest brukt i Vest-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Torvald på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Torvald var mest brukt i Vest-Agder. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thorvald.)

Historisk bruk av namnet Torvald
Historisk bruk av namnet Torvald
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg