Faktaboks

Torsten Christensen Fladmoe
Fødd
5. september 1831, Lom
Død
12. januar 1886, Kristiania (nå Oslo)
Skulptur

Byste i gullmåla gips av Hans Nielsen Hauge, laga av Torsten Christensen Fladmoe.

Torsten Christensen Fladmoe var ein norsk treskjerar og bilethoggar.

Han flytta i 1852 til Christiania. Der arbeidde han som treskjerar, men òg som skulptør. Fladmoe laga ein del små byster av kjende personar, mellom dei professor Anton Martin Schweigaard og salmediktaren Wilhelm Andreas Wexels. Hovudverket er likevel ei stor byste av Hans Nielsen Hauge som er støypt i fleire eksemplar.

Fladmoe fekk elevar i treskjering, mellom anna Gustav Vigeland i perioden 1884–1886. Ei tid samarbeidde han med Julius Middelthun.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kristiansen, Runar med fleire (1997). Gustav Vigeland : skulptur og tresnitt, Musea i Jølster

Faktaboks

Torsten Christensen Fladmoe

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg