Faktaboks

Torleiv Hannaas
Fødd
14. juli 1874, Hornnes (no Evje og Hornnes), Aust-Agder
Død
18. november 1929, Fana (no Bergen), Hordaland
Verke
Filolog, folkeminnegranskar og boksamlar
Familie

Foreldre: Bonde Thomas Nilsson Hannaas (1843–1915) og Anne Tolleivsdotter Vetrhus (1845–1944).

Gift 4.7.1906 med lærar Ingerd Yttreland (15.4.1879–16.9.1954), dotter til lærar Svein Yttreland (1852–1921) og Lisbeth Hauge (1848–1945).

Torleiv Hannaas
Torleiv Hannaas
Av /Nasjonalbiblioteket 𝒲.

Torleiv Hannaas var ein norsk filolog. Han var professor i vestlandsk målgransking (Bergens Museum) frå 1918, styrar av folkeminnesamlinga der frå 1921. Grunnla Norsk årbok i 1920 og skreiv om dialektane i Setesdal og Vest-Agder (Norske bygder I, 1921, og II, 1926). Han var formann i Noregs Mållag frå 1926 til han døydde.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bondvik, Jarle: "Torleiv Hannaas" i Bondevik, Jarle, red.: Frå smått til stort: nordistikk i Bergen gjennom 70 år, 1988, 7-45

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg