Artikkelstart
Torleiv Bjørgum var ein norsk folkemusikar og kulturarbeidar frå Setesdal.
Torleiv Hallvardsson Bjørgum
Torleiv Bjørgum var ein norsk folkemusikar og kulturarbeidar frå Setesdal.
Torleiv Hallvardsson Bjørgum var fødd i Valle i Aust-Agder (no Agder). Han lærte hardingfelespel av mellom anna Andres K. Rysstad og Andres T. Hovet. Han spela også vanleg fele og munnharpe, og var dessutan kvedar.
Bjørgum byrja i 1962 med å byggje opp Sylvartun i Rysstad, eit senter for bygdekultur som i dag blir drive vidare av sonen Hallvard T. Bjørgum. Han tok sveinebrev som sølvsmed i 1968, eit fag han har lært vidare til mellom andre Kirsten Bråten Berg.
Spelet til Bjørgum fører vidare tradisjonen etter Knut Jonson Heddi (1857–1938), som igjen går tilbake til «faremoane», altså spelemennene Olav og Tarjei Faremo, begge fødde på 1790-talet. Setesdalsmusikken har vorte forma gjennom ulike påverknader, særleg frå Telemark, men unikt for denne musikktradisjonen er framfor alt dei såkalla «rameslåttane» (av «rammr» = sterk, kraftig), som også ber namnet dei «gorrlause slåttane» («gorr» = særeigen). Gorrlause slåttar blir spelte med nedstilt g-streng (FDAE), slik at bassen blir «lausare» og dermed meir særeigen. Stillet blir hevda å gi slåttane ein unik, mørk dåm, i tillegg til at dei har eit sterkt rytmisk driv. Bjørgum var mellom dei fremste utøvarane av denne musikken i sin generasjon.
I spelet til Bjørgum finn vi innslag av naturtonalitet, altså førekomst av andre intervall eller tonesteg enn dei tempererte heil- og halvtonestega som kjenneteiknar dur- og mollskalaene. Han hadde ein framifrå teknikk, kjenneteikna av korte, skarpe og rullande bogestrøk. I motsetnad til dei fleste felespelarar i dag heldt han framleis fela mot bringa medan han spela, og på plate kan vi høyre den karakteristiske, kraftige takttrampinga hans.
Alle desse dugleikane er dokumenterte på plata Skjoldmøyslaget: Faremoslåttar frå Setesdal, som han spelte inn saman med sonen Hallvard T. Bjørgum, og som kom ut like etter at han døydde i 1990. Av andre plateinnspelingar kan nemnast Sebyggje og Teledøl (1979, med Knut Buen), Dolkaren (1987) og dei posthume Klunkaren (1998) og Bjørgumspel (2009). Innspelingane hans på plateserien Norsk folkemusikk (1953–1974) er gitt ut på nytt på CD-en Slåttar og stev frå Setesdal (2009). Han har laga reportasjefilmar om Setesdal og Setesdals-kulturen for Norsk Film, slik som Gangaren, Munnharpa, Setesdalen og Langs landevegen, så vel som for utanlandsk fjernsyn.
Bjørgum fekk Aust-Agder fylkes kulturpris (1971), Spellemannprisen posthumt for Skjoldmøyslaget (1990) og vart i 1980 utnemnd til heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn. Han har ei rekkje førstepremiar i spel og kveding frå kappleikar, og han vart A-klassespelar i 1951.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.