Torkel Oftelie

Artikkelstart

Torkel Oftelie, norskamerikansk kulturformidlar, lærar, bladmann og redaktør av tidsskriftet Telesoga.

Torkel Oftelie var fødd på Høydalsmo i Telemark i 1856, utvandra til USA i 1886 og døydde der i 1943.

Oftelie gjekk på Kviteseid seminar (lærarskule) og vart uteksaminert i 1875. Seinare var han ein vinter ved Asker seminar. Han var òg ein periode ved Christopher Bruuns folkehøgskule i Gausdal. Etter fullført utdanning var han lærar, før han utvandra til USA. I USA var han journalist, redaktør og lærar. På nynorsk skreiv han i Norrøna og i nokre andre blad, mellom anna Jul i Vesterheimen. Ei stund var han redaktør i Fergus Falls Ugeblad, og i 1893 starta han saman med Ole Hagen frå Gudbrandsdalen den populistiske avisa Rodhuggeren (tyding: radikal) i Fergus Falls, Nord-Dakota.

Men det er som redaktør av bygdelagstidsskriftet Telesoga at Oftelie er mest kjend. Han var med og skipa Telelaget i 1907 og redigerte tidsskriftet Telesoga frå 1909 til 1924 og var dessutan redaktør av 1926-årboka til Telelaget.

Ifølgje Einar Haugen finn ein meir bruk av dialekt i Telesoga enn i noko anna bygdelagstidsskrift. Sidan Oftelie si dialektale skriftnorm låg nær nynorsknorma, er grensa mellom nynorsk og dialektfarga nynorsk flytande i bladet. I dei første åra hadde bladet mest stoff om norsk bygdekultur og nynorskskrivarar på begge sider av havet. Seinare vart det meir stoff om telemarkingar i Amerika.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Haugen, E. I. (1953): The Norwegian Language in America. A Study in Bilingual Behavior. Philadelphia: University of Pennsylvania Press
  • Lovoll, O. S. (2010): Norwegian Newspapers in America. Connecting Norway and the New Land. St. Paul: Minnesota Historical Society Press

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg