Torgeir Olavson Vraa

Faktaboks

Torgeir Olavson Vraa
Født
16. mai 1868, Rui i Fyresdal, Telemark
Død
21. juni 1934, Drammen, Buskerud

Artikkelstart

Torgeir Olavson Vraa var ein norsk avisredaktør og politikar frå Arbeidarpartiet. Han arbeidde først som journalist i Social-Demokraten frå 1902, og var redaktør i Fremtiden i Drammen frå 1905 til han døydde i 1934. Vraa var ved sida av redaktørgjerninga stortingsrepresentant, først frå 1906 til 1909, deretter frå 1925 til 1927 og til sist i perioden 1931–1933.

Vraa vart i si tid rekna som ein av dei beste og friskaste pennane i arbeiderpressa. Han utmerka seg mellom anna med sjølvstendige og uortodokse haldningar i politiske spørsmål.

Utgjeving

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg