Torgeir Micaelsen

Faktaboks

Torgeir Micaelsen
Født
20. mai 1979, Bergen
Torgeir Micaelsen på Arbeidarpartiet sitt landsmøte i 2015
Av /NTB.

Artikkelstart

Torgeir Micaelsen er tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Buskerud i 2005–2017.

Bakgrunn

Torgeir Micaelsen er fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland) og voks opp i Mjøndalen i Drammen i Buskerud (no Viken). Han gjekk på Eiker videregående skole i 1995–1998 og tok bachelorgrad med faga samfunnsfag, psykologi og statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 2005.

Han arbeidde som lærarvikar ved Hokksund barneskole og Vestfossen ungdomsskole i 1999–2002, var sjølvstendig næringsdrivande i Monkeybusiness i 2002–2005 og salskonsulent ved Norsk Møteforum i 2004–2005.

Politisk karriere

Micaelsen var leiar av Buskerud AUF i 1999–2001, kommunestyremedlem i Nedre Eiker for Arbeidarpartiet i 1999–2003, nestleiar i Buskerud Ap og medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet sidan 2004, leiar av Drammen Ap og var medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet i 2009.

Han var vararepresentant til Stortinget i perioden 2001–2005. I 2005–2017 var han fast stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Buskerud. I perioden 2009–2013 var han leiar av finanskomiteen på Stortinget og i perioden 2013–2017 var han medlem av helse- og omsorgskomiteen. Politisk arbeidde han for klima, skule, helse og mot skattereduksjonar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg