Torfinn Opheim

Faktaboks

Torfinn Opheim
Født
12. april 1961, Sauda, Rogaland
Stortinget.

Artikkelstart

Torfinn Opheim er tidlegare ordførar i Sauda og tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Rogaland i 2005–2013.

Bakgrunn

Torfinn Opheim er fødd i Sauda i Rogaland. Han gjekk på Sauda vidaregåande skule i 1977–1980, Fana Folkehøgskule i 1980–1981, tok fagbrev i prosessfag i 1989 og studerte ved Høgskolen Stord/Haugesund (no Høgskulen på Vestlandet) i 1992–1993. Han tok sjefskurs ved Forsvarets høgskole i 2009. Opheim var butikkmedarbeidar ved Domus i Førde i 1982–1983, prosessoperatør ved Elkem Sauda i 1983–1994 og dagleg leiar ved attføringsbedrifta Sauda Produkter A/S i 1994–1999. I 2013 vart han leiar av Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK).

Politisk karriere

Opheim var kommunestyremedlem for Arbeidarpartiet i Sauda i 1987–1999 og ordførar i 1999–2005. Han har vore medlem av styret for Sauda Arbeidarparti og medlem av styret for Rogaland Arbeidarparti i ei årrekkje. I 2001–2005 var han vararepresentant til Stortinget, og i perioden 2005–2013 var han vald inn som fast stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Rogaland. Han var fyrst medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget i 2005–2009, deretter av finanskomiteen i 2009–2013. Politisk var Opheim oppteken av utviklinga av velferdsstaten, arbeid til alle og distriktspolitikk.

Andre verv

Opheim har mellom anna vore leiar av sosialutvalet og barnevernsnemnda i Sauda i 1987–1991, medlem av Haugalandrådet i 1999–2005 og styret for Ryfylkesambandet A/S i 2000–2005.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg