Faktaboks

Tore Aleksandersen
Fødd
27. februar 1968, Molde
Død
6. desember 2023
Tore Aleksandersen under ein timeout
Tore Aleksandersen gjorde suksess som trenar for mange klubbar. På bildet var han hjelpetrenar for Førde Volleyballklubb i ein europacupkamp.
Tore Aleksandersen under ein timeout

Tore Aleksandersen var ein norsk volleyballtrenar frå Aukra i Romsdal. Han var landslagstrenar for Noreg og Finland, i tillegg til klubbtrenar i USA, Tyskland, Polen og Tyrkia. Våren 2022 leia han den tyske toppklubben Allianz MTV Stuttgart fram til finale i europacupen.

Karriere

Aleksandersen byrja trenarkarriera på 1990-talet. Mot alle odds leia han damelaget i moderklubben Aukra Volleyballklubb opp i toppen av eliteserien. Den vesle klubben tok bronse i serien i 1998 og 2001, i tillegg til at dei spelte tre cupfinalar. I 2001 reiste Aleksandersen vidare til USA, der han vann den profesjonelle ligaen med damelaget til Minnesota Chill.

Frå 2003 til 2008 var han trenar for damelaget til Schweriner SC i tysk Bundesliga. Her vart han tysk seriemeister og cupvinnar i 2006, før han i 2007 tok sølv i serien og eit nytt cupgull.

I 2009 reiste han heim til Noreg, der han heldt fram som trenar. Det enda allereie første året med NM-gull med KFUM Stavanger, før han kopierte bragden med UiS Volley i 2010. Aleksandersen tok seg samstundes av det norske kvinnelandslaget.

Frå 2010 var Aleksandersen igjen trenar for Schweriner SC, i tillegg til at han var trenar for det finske landslaget for damer. Schweriner vann igjen den tyske serien i sesongen 2010–2011, før romsdalingen reiste frå klubben for å ha fullt fokus på jobben som landslagstrenar for finnane.

Aleksandersen var frå 2012 til 2017 trenar for dei polske klubbane Impel Wrocław og BKS Stal Bielsko-Biała. I sesongen 2019–2020 trente han den tyrkiske klubben Nilüfer Belediyespor.

Suksess i Tyskland

I desember 2020 overtok han trenarjobben for damelaget i den tyske Bundesliga-klubben Allianz MTV Stuttgart. Aleksandersen hadde først kontrakt med klubben fram til 1. mai 2021. Denne vart på våren forlenga med eitt år, og i mars 2022 leia han Stuttgart til finale i CEV-cupen. Det enda med europacupsølv, etter at det tyske laget tapte mot tyrkiske Eczacibasi Dynavit Istanbul. Aleksandersen leia den same våren Stuttgart til gull i både Bundesliga og den tyske cupen.

I mai 2023 var Aleksandersen trenar då Stuttgart igjen vart tyske seriemeistrar. Laget slo Potsdam i tre avgjerande kampar i sluttspelet. Han hadde då vore trenar for klubben i to og eit halvt år, men på grunn av ein kreftdiagnose valde Aleksandersen å trekke seg frå trenarjobben sommaren 2023. Han var då tidenes mest suksessrike trenar i Allianz MTV Stuttgart.

Tore Aleksandersen var hovudtrenar for det norske herrelandslaget frå 2018 til 2023. I desember 2023 vart han utnemnd til æresmedlem i Norges Volleyballforbund.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg