Tordis er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Þor-dís. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘dis; kvinne’.

Namnet har fleire variantar: Thordis, Tordis.

Namnedag er 9. november. Teodor har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Tordis

Kulturell bruk

  • Tordis Ravn i «En dag i oktober» (1931) av Sigurd Hoel.

Kjende personar med namnet Tordis

Eit utval personar med namnet Tordis, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 447 kvinner i Noreg som hadde Tordis som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Tordis og Thordis slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp i perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Dette gjeld også Tordis som var mest brukt 1925–1929. Stavevarianten Thordis var på topp litt tidlegare (1910–1919). Sidan år 1900 har Tordis vore brukt nesten fem gongar meir enn Thordis.

Utvikling i bruk av namnet Tordis frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Tordis frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tordis på 1800-talet.

Tordis var mest brukt i Kristiania og Aust-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tordis på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Tordis var mest brukt i Kristiania og Aust-Agder. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thordis.)

Historisk bruk av namnet Tordis
Historisk bruk av namnet Tordis
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg