Torbjørg Aas Gravalid

Faktaboks

Torbjørg Aas Gravalid
Født
16. august 1916, Seljord, Vestfold og Telemark
Død
29. mai 2008, Heggedal, Viken
Signe Flatin Neset og Torbjørg Aas Gravalid fotografert i 1945.
/Arne Bjørndals samling.
Lisens: CC BY 2.0

Artikkelstart

Torbjørg Aas Gravalid var felespelar. Ho var ei av få kvinner i si samtid i eliteklassahardingfele.

Torbjørg Aas Gravalid var fødd i Seljord. Ho fylte sitt vaksne liv med speling og omsorg for familien, og ho dreiv butikk i Asker. Viktige læremeistrar i yngre år var bestefaren Gunnleik Høyset og onkelen Halvor Høyset, begge spelemenn frå Hovin. Likevel var det Torkjell Haugerud som blei den viktigaste inspiratoren og læremeisteren.

I 1930-åra utmerkte Aas Gravalid seg då ho gjennomførte ei omfattande konsertferd i lag med ei anna spelkvinne på hardingfele, Signe Flatin Neset. Den mest aktive perioden som kappleikspelar hadde ho i 1960-åra. Ho vann mellom anna den prestisjetunge Porsgrunnskappleiken i 1967.

Spelet hennar er ofte blitt karakterisert som fint og fornemt, bestemt og myndig på same tid. Ho er blitt ståande som ein representant for det ekte, gamle telemarksspelet.

I dei seinare åra var Aas Gravalid eit stort førebilete for unge jenter som ville lære hardingfelespel, og fleire yngre kvinnelege felespelarar gjesta henne i heimen i Heggedal. CD-en Torbjørg Aas Gravalid, med dei beste NRK-opptaka frå perioden 1963–1970, kom i 1998.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg