Tor Bremer

Faktaboks

Tor Bremer
Født
9. februar 1955, Luster, Vestland
Stortinget.

Artikkelstart

Tor Bremer er gardbrukar og tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Sogn og Fjordane i 2009–2013.

Bakgrunn

Tor Bremer er fødd i Luster i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han er gardbrukar i Hafslo og har drive med storfe.

Politisk karriere

Bremer har vore kommunestyremedlem i Hafslo, først for bygdelista for Hafslo i 1988–1991 og i 1992–1995 for Arbeidarpartiet. Han var representant for Arbeidarpartiet i fylkestinget for Sogn og Fjordane i 1995–2011, fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane i 2003–2009 og var leiar for Sogn og Fjordane Arbeidarparti i 2000–2007.

Bremer var vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet frå Sogn og Fjordane i 2001–2005 og i 2013–2017. Han var innvald som fast stortingsrepresentant 2009–2013. Han var medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i denne stortingsperioden, og på Stortinget arbeidde han mellom anna for å fremje interessene og sikre arbeidsplassane til innbyggjarane i heimfylket.

Andre verv

Bremer var medlem av Vestlandsrådet og i 2004 var han visepresident i Euromontana, eit europeisk nettverk for utvikling av fjellregionar. Han er styreleiar i Sogn skisenter frå 2015.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg