Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland.
Av /Samlaget.

Artikkelstart

Tor Arve Røssland er ein norsk forfattar. Han skriv barne- og ungdomslitteratur, mellom anna bøkene om guten Pode.

Bakgrunn

Tor Arve Røssland er fødd i Bergen, oppvaksen på Husnes i Kvinnherad og busett på Halhjem i Bjørnafjorden. Han har hovudfag i filmvitskap frå NTNU med oppgåva ... vond og pervers ... Debatten om filmsensur i Norge på 1900-tallet (1997). Tilleggsfaga er litteraturvitskap og mediepedagogikk. Sidan 2011 har han vore forfattar på heiltid.

Forfattarskap

Røssland debuterte i 1999 med barneboka Pode. Boka om seks år gamle Pode er omsett til tysk, og det er kome fire andre bøker i serien: Pode mister fotfestet (2002), Pode får snue (2002) Anti-Pode (2006) og samleutgåva Absolutt Pode (2020). Bøkene, som er illustrerte av Øyvind Torseter, er humoristiske med kvardagsleg surrealisme og elegant språk.

I 2004 kom ungdomsromanen Plutselig skjøna eg alle songane, om ein 17-åring som plutseleg skjøner djupna i poptekstar. Lettlesboka om barna Figaro og Aida, På rømmen i New York, blei utgitt i 2008.

Ungdomsgrøssaren Svarte-Mathilda (2010) blei nominert til Uprisen for årets ungdomsbok i 2011. Boka er psykologisk kompleks med eit særprega språk. Det er ei mystisk og uoppklart detektivgåte med utgangspunkt i ei urban legende om ei tenåringsjente som blei drepen for 20 år sidan. I 2012 og 2013 kom dei to neste bøkene i trilogien, Svarte Mathilda II og Svarte-Mathilda III.

I 2014 blei En smak av zommer lansert som første bok i Grusom-serien, ein grøssarserie for ungdom. Bømlo, som er heimstaden til 16 år gamle Max, blir invadert av menneskeetande zombiar.

I 2015 var Soledad (2014) bland dei nominerte til Uprisen, og i 2019 blei Glimt (2015) kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000.

Utgivingar

  • Absolutt Pode (Barnebok, Samlaget, 2020)
  • Kodeord Overlord (Barnebok, Vigmostad & Bjørke, 2019)
  • Den tolvte spelaren (Ungdomsbok, Samlaget, 2018)
  • Dronen (Ungdomsbok, Mangschou forlag, 2017)
  • Glimt (Ungdomsbok, Samlaget, 2015)
  • Snatch (Ungdomsbok, Mangschou forlag, 2014)
  • Soledad (Ungdomsbok, Aschehoug, 2014)
  • En smak av zommer (Ungdomsbok, Egmont, 2014)
  • Svarte-Mathilda 3 (Ungdomsbok, Samlaget, 2013)
  • Svarte-Mathilda 2 (Ungdomsbok, Samlaget, 2012)
  • Gamer (Ungdomsbok, Mangschou forlag, 2011)
  • Svarte-Mathilda (Ungdomsbok, Samlaget, 2010)
  • På rømmen i New York (Barnebok, Samlaget, 2008)
  • Anti-Pode (Barnebok, Samlaget, 2006)
  • Plutselig skjøna eg alle songane (Roman, Samlaget, 2004)
  • Pode får snue (Barnebok, Samlaget, 2002)
  • Pode mister fotfestet (Barnebok, Samlaget, 2000)
  • Pode (Barnebok, Samlaget, 1999)

Les meir i Store norske leksikon

Ekstern lenke

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg