Faktaboks

Tone Ringen
Fødd
29. januar 1946, Nedre Eiker
Tone Ringen i 1988.
Av /Rana Blad/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Songen frå berget
Plakat for Tone Ringens solokabaret Songen frå Berget fra 1979
Av /Nynorsk kultursentrum.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Tone Ringen er forfattar, lyrikar, songar og skodespelar ved Det Norske Teatret og ei av dei tidlege kvinnene i visebølgja frå slutten av 1960-åra.

Bakgrunn

Tone Ringen er fødd i Nedre Eiker i Buskerud. Ho tok utdanning ved operalina ved Statens Teaterhøgskole (no Teaterhøgskulen) (1969).

Teaterkarrieren

Ringen har sidan 1969 vore tilsett ved Det Norske Teatret, og har ho mellom anna spela Tuptim i The King and I (1966), Leiaren i Zorba (1971), Milja og Oline i Ungen (1981 og 1997), Maria i West Side Story (1982), Jenny i Trost i taklampa (1984), budbringeren i Antigone (1991) og Maria i Draumkvedet (1994), sistnevnte to begge med musikk av Arne Nordheim.

Ho gjesta Den Nationale Scene som Valencienne i Den glade enke (1969), og møtte stor merksemd for solokabareten Songen frå berget (1979) på Scene 2. Ho har òg medverka i fleire Alf Prøysen-framsyningar og kabaretar med songar av Mikis Theodorakis og Gilbert Bécaud. Ho har turnert over heile landet.

Forfattarskapen

Den første av fleire diktsamlingar var Skyttelen og veven (1976), og den første romanen var Alltid et annet sted (1977). Seinare kom mellom anna Hekseskogen (1990), Mørk måne (1991) og Isbrann (1993). Dramaet Eingong var ingenting (1988) handlar om norrøn mytologi. Både som forfattar og utøvar er ho oppteken av forholdet mellom mann og kvinne og den plassen kvinner har i historia.

Ho har òg gitt ut visebøkene Ord blir tonar (1974) og Den bergtatte (1976). Ho blei ein sentral poesiformidlar då ho rundt årtusenskiftet etablerte diktprogrammet Ord over grind – Ønskediktet for teatret. Ringen er representert i fleire antologiar, lærebøker i skulen og andre sine visebøker. Ho bruker begge målformer.

Musikkarrieren

Tone Ringen har skrive eigne viser, komponert melodiar til eigne og andre sine viser, redigert visesamlingar og utgitt fem soloplater: Vise (1971), Fare Thee Well (1971), Kvilestein (1972), Møte (1974) og Heks (1979).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bergan, Jon Vidar og Eggum, Jan. (2013). Norsk pop- og rockleksikon. Oslo: Vega Forlag.
  • Eide, Eiliv og Nygaard, Knut. (1977). Den Nationale Scene 1931-1976, Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg