Tone Hansen

Faktaboks

Tone Hansen
Født
1970, Kirkenes, Troms og Finnmark
Oppvaksen i Klæbu, Trøndelag
Tone Hansen.
Av /NTB.

Artikkelstart

Tone Hansen er kunstnar, kunstskribent og direktør ved Henie Onstad Kunstsenter i Bærum, som er ein av dei viktigaste institusjonane for samtidskunst vi har i Noreg. Frå 2016 til 2019 var ho òg leiar for Kulturrådet.

Bakgrunn

Tone Hansen er fødd i Kirkenes i Finnmark (no Troms og Finnmark) og voks opp i Klæbu (no Trondheim) i Sør-Trøndelag (no Trøndelag). Ho tok vidaregåande skule i 1986–1989 og studerte ved Statens Kunstakademi (no Kunsthøgskolen i Oslo) i Oslo i 1994–1998 og seinare ved Konsthögskolan i Malmö.

Kunstkarrieren

I perioden 2003–2008 var ho stipendiat ved Statens Kunstakademi med prosjektet «Megamonstermuseum». Hansen var kurator ved Henie Onstad Kunstsenter i 2008–2011, før ho blei tilsett same stad som direktør i 2011.

I samband med stipendiatstillinga ved Statens Kunstakademi gav ho i 2007 ut boka Hvordan tenke museum i dag? Ho var òg redaktør for antologiane What does Public mean? Art as a Participant in the Public Arena (2006) og The New Administration of Aesthetics (2007). Som utøvande kunstnar er foto, video og tekst hennar media.

På Henie Onstad Kunstsenter har ho vore ansvarleg for ei rekkje nasjonale og internasjonale utstillingar, mellom anna med kunstnarane Håkon Bleken, Saskia Holmkvist og Hito Steyerl.

Hansen er oppteken av kunsten sin plass i samfunnet og av å vise at Henie Onstad Kunstsenter ikkje er eit kunstmuseum, men eit kunstsenter der ny kunst blir produsert, og ho meiner at leiaren skal ha kunstfagleg bakgrunn. Ho vil òg vere med på å leggje premissa for kulturlivet i framtida og leggje til rette for nye kunstnarlege uttrykk.

Hansen var med på å starte kunstmagasinet Frotté, var styreleiar i Unge Kunstneres Samfund (UKS) i 2003–2005 og var leiar for Kulturrådet i perioden 2016–2019.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg