Faktaboks

Tone Damli

Tone Damli Aaberge

Fødd
12. april 1988, Sogndal

Tone Damli er ein musikkartist som fekk ein kometkarriere etter at ho kom på andreplass i talentkonkurransen «Idol» på TV2 i 2005. Ho har sidan spela ei rolle som rikskjendis, ungdomsideal og sexsymbol.

Tone Damli Aaberge er fødd i Sogndal i Sogn og Fjordane. Ho byrja på Musikk, dans og drama ved Firda vidaregåande skule 2004, men sidan 2005 har ho drive som musikar, artist og bloggar.

Musikkarriere

I 2005 gav ho ut sitt første album, Bliss, på plateselskapet EMI, og dette selde over 30 000 eksemplar. I alt har ho gjeve ut fire popalbum med engelske tekstar, eit samlealbum og ei juleplate på nynorsk.

I 2009 deltok ho i den norske finalen i Melodi Grand Prix med songen «Butterflies», og enda då på andreplass bak Alexander Rybak, som seinare vann den internasjonale finalen. I 2012 gjekk Aaberge inn i eit samarbeid med den svenske popsongaren Eric Saade. Saman gav dei to ut singelen Imagine.

Modell og programleiar

Aaberge har blitt vigd mykje spalteplass i kjendispressa og utsjånaden hennar er eit hyppig tema. Ho er blitt nytta som modell og har delteke i ulike moteshow, og ho har også vore med i ymse fjernsynsprogram, til dømes «Skal vi danse» (2006), som dommar i «Idol» (2013 og 2014) og deltakar i «Hver gang vi møtes» (2018). Aaberge var programleiar for fjernsynsprogrammet Love Island på TV3 i 2018.

I 2013 kom ein dokumentarserie om Aaberge i seks episodar.

Anna

Aaberge har også vore ambassadør for organisasjonen MOT, som arbeider for å hindre mobbing, vald og rusmisbruk blant ungdom.

Aaberge nytta nynorsk i bloggen sin, og dette var den mest lesne nynorske bloggen. Hausten 2017 skipa Aaberge, saman med Line Langmo, Nina Wang Gaarder, Bertine Zetlitz og Anne Grethe Starheim livsstilsmagasinet og bloggen Dailystory.no.

I 2006 hadde ho ei av stemmene i den norske versjonen av den amerikanske animasjonsfilmen Over hekken (2006), og ho brukte då sognemål. I 2014 kom hennar første album på norsk, Di første jul, der ho syng på dialekt og nynorsk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg