Tone er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne av Þor-ný der forleddet er gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘ny’.

I nyare tid kan Tone bli oppfatta som eit namn relatert til musikk (jamfør ordet tone).

Namnet har fleire variantar: Thone, Tone.

Namnedag er 13. juni. Tanja og Tonje har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Tone

Eit utval personar med namnet Tone, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 14 967 kvinner i Noreg som hadde Tone som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Tone var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste tostava namna som endar på -e, var mest brukte i perioden 1955–1999. I tillegg til Tone, med topp 1965–1969, gjeld dette til dømes Bente, Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette, Rikke, Silje, Tine, Stine, Tonje, Tove, Trude, Vilde og Wencke.

Utvikling i bruk av namnet Tone frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Tone frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tone på 1800-talet.

Tone var klart mest brukt i Telemark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tone på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Tone var klart mest brukt i Telemark. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thone.)

Historisk bruk av namnet Tone
Historisk bruk av namnet Tone
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg