Tom Roger Aadland. Av /Tom Roger Aadland. Begrenset gjenbruk

Tom Roger Aadland

Faktaboks

Tom Roger Aadland
Født
26. april 1964, Haugesund, Rogaland
Artisten og tekstforfattaren Tom Roger Aadland har gitt ut fleire album med norskspråklege tekstar, både eigne originallåtar og gjendiktingar av Bob Dylan sine songtekstar til nynorsk. Aadland er også brukt som tekstforfattar for andre artistar og band.
Av /Tom Roger Aadland.

Artikkelstart

Tom Roger Aadland er ein norsk artist og tekstforfattar som lagar kritikarroste album med norskspråklege tekstar. Han gjendiktar Bob Dylan sine songtekstar til nynorsk.

Bakgrunn

Tom Roger Aadland er fødd i Haugesund og voks opp i Vikebygd i Vindafjord kommune. Han gjekk på Skeisvang videregående skole (1980–1983), før han tok eksamen i klassisk gitar og instrumentalpedagogikk ved Østlandets Musikkonservatorium i 1987.

Originallåtar og gjendiktingar

Sidan albumdebuten i 2007 har han gitt ut album på både engelsk og norsk. Obviously Embraced (2007) vart spela inn i Dublin med irske musikarar. I 2009 kom albumet Blod på spora, med låtar som «Vikla inn i blått» og «Du gjer meg einsam når du dreg», der Aadland gjendiktar Bob Dylan sine tekstar til nynorsk. Sidan har han veksla mellom å komponere originallåtar til album som Det du aldri sa (2011), Fløyel og stål (2012), Rapport frå eit grensehotell (2015) og Motgift (2021) og å gjendikte tekstar av Dylan. I 2018 gav han ut singelen Sandharpesong, med tekst av Kjartan Fløgstad.

Blondt i blondt (2016) er ein nynorsk versjon av den amerikanske nobelprisvinnaren Bob Dylan sitt album Blonde On Blonde frå 1966, med mykje spela radiolåtar som «Eg må ha deg» og «Nett som ei kvinne». Blondt i blondt vart kåra til årets album av NRK P1s Norsk på norsk i 2016.

Aadland har hausta svært god kritikk for dei norskspråklege albuma, og då er det både melodiane og tekstuniverset som vekkjer åtgaum blant publikum og musikkmeldarar. Aadland har òg ei særeigen og energisk evne til å formidle innhaldet i låtane. Lik Bob Dylan vekslar han mellom visesjangeren og eit meir rocka uttrykk. Låtane hans er mykje spela i norsk radio.

Andre prosjekt

Aadland er også brukt som tekstforfattar for andre artistar og band, som til dømes Hellbillies og Vamp. I 2011 var han medforfattar av boka Bob Dylan. Mannen, myten og musikken. I 2020 sette Det Norske Teatret opp teaterkonserten «Vikla inn i blått – Dylan på nynorsk» med Aadland sine gjendiktingar. Framsyninga inneheldt både nyskrivne og tidlegare utgitte Dylan-gjendiktingar av Aadland.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg