Tolleiv

Artikkelstart

Tolleiv er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Þor-leifr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘arving, etterkommar’.

Namnet har fleire variantar: Torleif, Tolleif, Thorleif, Torleiv, Tolleiv, Thorleiv, Tollev, Tollef.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 80 menn (fødde i Noreg) som hadde Tolleiv som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg