Faktaboks

Toghril beg
Toghrïl Beg, Tughril Beg
Uttale
toghrˈil beg
Fødd
990
Død
4. september 1063, Ray, Seldsjukkriket (nå i Iran)
Levetidskommentar
omtrentlig fødselsår
Toghril beg
Toghril beg
Av /Zafarname 𝒲.
Lisens: CC BY SA 4.0

Toghril beg var ein tyrkisk stammehøvding og grunnleggjar av det seldsjukkiske dynastiet, oppkalt etter bestefaren hans, Seldsjuk. Han oppretta eit stort rike i Iran, Irak, delar av Syria og Lilleasia (også kjent som Anatolia og Rum). Bagdad vart innteken i 1055 og kalifen gav han tittelen sultan.

Toghril-ætta styrte i Iran og Irak til 1194, medan ei sidelinje herska i Seldsjukkriket i Anatolia (med Konya som hovudstad) til dette sultanatet vart sterkt svekka av mongolane etter slaget ved Kösedağ 1247 og til slutt knust av fyrstedømmet Karaman, som seinare gjekk inn i Det osmanske riket.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg