Tobben & Ero
Tobben & Ero i 2000.
Av /VG/NTB.
Torbjørn Willassen
Torbjørn Willassen, frå ein konsert med Tobben & Ero og Cornelis Vreeswijk i mai 1976
Jan Ero Olsen
Jan Ero Olsen, frå ein konsert med Tobben & Ero og Cornelis Vreeswijk i mai 1976

Tobben & Ero var ei visegruppe frå Tromsø. Duoen bestod av Torbjørn Willassen (1949–2008) og Jan Ero Olsen (født 1946), og begge spelte gitar og song. Musikalsk har dei vorte karakteriserte som det norske svaret på den amerikanske duoen Simon and Garfunkel.

Tekstar

Fleire av visetekstane til gruppa stamma frå norske og svenske diktarar, til dømes Knut Hamsun, Erik Lindorm og Aasmund Olavsson Vinje. Elles song gruppa norske folkeviser, i tillegg til songar på engelsk. Willassen sette melodiar til fleire av tekstane. Han og Olsen skreiv òg eigne visetekstar med sjølvkomponerte melodiar. Musikkstilen kan karakteriserast som viserock.

Bakgrunn

Jan Ero Olsen hadde musikalsk bakgrunn frå firemanns-bandet The DeCoys i Tromsø. Tobben og Ero starta karrieren sin i Sverige i 1969. Til å byrje med hadde dei eit samarbeid med to tidlegare medlemer frå The DeCoys, men dette vart raskt avslutta.

Det var trubaduren Bjørn Erling Wohlin som introduserte duoen for det svenske visemiljøet, etter at han hadde høyrt Willassen og Olsen opptre på ein pub. Etter kvart fekk dei to tromsøværingane platekontrakt. Resultatet av dette vart to singlar, utgitt i 1970: I am looking for a way to go / In the evening of my life (av Willassen) og Vals i Valparaiso (av Evert Taube) / Kjerringa med staven.

Gjennombrot

Etter dei første to singlane fekk viseduoen mange speleoppdrag, og dei fekk òg vere med i svensk fjernsyn (SVT 1). Det førte igjen til at dei fekk opptre i eit show frå Gröna Lund i Stockholm. I 1971 flytta duoen til Oslo. Det første albumet til gruppa kom i 1972 og fekk tittelen Fordums frukter, friske frø. Med dette kom gjennombrotet for dei to. Kritikken frå pressa var unisont positiv. Albumet låg inne på VG-lista i ni veker.

Vidare karriere

I løpet av dei fem neste åra følgde innspelinga av fire nye LP-plater, saman med mellom anna den svenske trubaduren Cornelis Vreeswijk og Phil Collins frå gruppa Genesis, i tillegg til turnear landet rundt. Gitter og stas (1973) låg fire veker på VG-lista og inneheld Norsktoppen-slagerne Lina (andreplass) og E-6 (niendeplass).

Willassen og Olsen avslutta samarbeidet i 1976.

Album 1973–1976

  • Gitter og stas (1973)
  • Ballade i bakgården (1974)
  • Gi meg et hus (1976)
  • Bryllup i Kanaan (1976)

Gjenforeining

I 1985 kom plata En dans på nevroser, som var resultatet av eit kort gjensynsmøte same året. Ei samleplate med tittelen 20 beste i Tobben & Eros verden vart utgitt i 2000. I samband med at denne plata kom ut, heldt duoen konsertar i nokre år.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg