Tjerand

Artikkelstart

Tjerand er eit mannsnamn som kjem av det norrøne Hjarrandr. Namnet har lenger bak opphav i gammalhøgtysk Her-rant. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘hær’ og etterleddet ‘(skjold)rand’.

Namnet har fleire variantar: Tjerand, Kieran, Kjerand, Jaran, Kjærand, Jarand.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 90 menn (fødde i Noreg) som hadde Tjerand som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg