Tjalve er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Þjalfi. Namnet er truleg laga til ordet zjalfi som tyder ‘den som held saman’.

I norrøn mytologi er Tjalve tenaren til guden Tor. Namnet var brukt i gammalsvensk.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid i Noreg, var ingeniør Tjalve Lysgård fødd 1872 i Modum (Buskerud), busett i Åsen i 1900.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Tjalve som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg