Tiril er eit nytt kvinnenamn som kan ha bakgrunn i Johan Sebastian Welhavens dikt «Lokkende Toner» (1859) med omkvedet «Tirilil Tove, langt, langt borte i Skove!». Tiril kan også oppfattast som ei nylaging etter mønster av til dømes Siril.

Tiril kan gi assosiasjonar til blomen tiriltunge. Døme på andre kvinnenamn som går tilbake på namn på blomar, er Linnea, Iris og Anemone.

Namnet har fleire variantar: Tiril, Tirill.

Namnedag er 16. juni. Torhild og Toril har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Tiril

Eit utval personar med namnet Tiril, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 767 kvinner i Noreg som hadde Tiril som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 198 jenter som fekk namnet Tiril, og det var blant dei 50 mest populære jentenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Tirill er eit av dei få norske kvinnenamna som har hatt suksess frå slutten av 1900-talet.

Utvikling i bruk av namnet Tiril frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Tiril frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg