Timian

Artikkelstart

Timian er eit nylaga mannsnamn (1859). Timian kan vere laga til førenamnet Tim med tillegg av -ian frå Kristian. Også det lydlike Timann kan ligge bak denne nylaginga.

Namnet har vore mest brukt på 2000-talet. Krydderet timian har ikkje nokon samanheng med førenamnet Timian.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Timian Knudsen fødd 1859 i Hafslo (Sogn og Fjordane).

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 210 menn (fødde i Noreg) som hadde Timian som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg