Tim er eit mannsnamn som er engelsk kortform av Timothy som kjem av det greske Timo-theos med tydinga ‘Ær Gud!’.

Namnedag er 22. februar. Tina har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Tim

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var pakkhusformann Johan Tim Brostrup fødd 1832 i Trondheim, busett i Eidsvoll i 1865.

Kjende personar med namnet Tim

Eit utval personar med namnet Tim, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 505 menn i Noreg som hadde Tim som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 14 gutar som fekk namnet Tim.

Utvikling i bruk av namnet

Dei engelske einstava namna hadde toppfasen sin i siste halvdel av 1900-talet, til dømes Jack, Tom, Frank, Roy, Ken, Jim, Kay, Glenn, Kim, Tim og Chris. Dette står i motsetning til ein god del av dei einstava nordiske namna som hadde toppfasen sin før 1950, til dømes Alf, Karl, Kjell, Leif, Odd, Bjørn, Rolf, Jarl og Svein.

Utvikling i bruk av namnet Tim frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Tim frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg