Faktaboks

Théodule Ribot
Uttale
ribˈå
Fødd
1839
Død
1916

Théodule Ribot var ein fransk psykolog. Han grunnla det første psykologiske laboratoriet i Frankrike, og var frå 1888 den første professoren i psykologi i Frankrike ved Collège de France.

I 1876 grunnla han tidsskriftet Revue philosophique de la France et de l'étranger. Ribot skreiv ei rekkje bøker og avhandlingar, og gav mellom anna viktige bidrag til psykologien til kjenslene og psykopatologien.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg