Thyra er eit kvinnenamn som er latinisert form av gammaldansk Thyr-wi. Forleddet er ein variant av Tor. Etterleddet har vorte tolka på to måtar: 1. Det går tilbake til eit verb som tyder ‘kjempe’ 2. Det svarer til -ve i mannsnamn og tyder prest. Det er også foreslått at det samansette namnet (Thyr-wi) som heilskap har hatt meiningsfull tyding: ‘Tors prestinne’.

Namnet har fleire variantar: Thyra, Tyra.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 420 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Thyra som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sørensen, John Kousgård 1989: Om personnavne på -vi/-væ og den førkristne præstestand. [Danske studier].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg