Thorvald Larsen

Faktaboks

Thorvald Larsen
Født
15. februar 1884
Død
22. januar 1973

Artikkelstart

Thorvald Larsen var ein norsk avisskribent. Han var spaltist i Haugesunds Avis gjennom 50 år og truleg ein av dei mest lesne skribentane på Haugalandet.

Han utdanna seg til glasmeister og målarmeister og dreiv i desse yrka i mange år. Han arbeidde også for Sildesalslaget frå 1930 til 1950. Best likte han å fortelje og prate med folk og blei mest kjend som skribent. Under signaturen «Sørhauggut» skreiv han mellom 1924 og 1972 over 4000 artiklar og kåseri i laurdagsnummeret av Haugesunds Avis, og dei blei umåteleg populære.

Artiklane var folkelege i språk og innhald, skrivne på «kav» haugesundsdialekt og låg nær nynorsk: «Her ein dajen møtte eg ein aen haugesundar så i sommar hadde vore på ferie i Sogn, å så den ivrige sportsfiskar han e, fekk han ein plass lov å fiska i ei laksaelv» (1955). Larsen var godlynt, humoristisk og skjemtsam og kåserte ofte om seg og Sissila, til mykje lått og løye i lag og lyd.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Saltveit, A. (1998): Heimegrunn. 30 skribentar i Haugesund og Skåre. Haugesund: Worums forl.
  • Vormedal, T. I. (2008): Kim va det? Kjente avdøde haugesundere. Haugesund: Vormedal forl.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg