Thorvald er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Þor-valdr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘herskar’.

Namnet har fleire variantar: Thorvald, Torald, Torvald, Torvall.

Kjende personar med namnet Thorvald

Eit utval personar med namnet Thorvald, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 440 menn i Noreg som hadde Thorvald som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 8 gutar som fekk namnet Thorvald.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Torvald og Thorvald slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Torvald og Thorvald skil seg ut frå dei fleste andre samansette nordiske namna ved at dei hadde ein tidleg toppfase (1865–1874). Dei fleste andre samansette namna hadde toppfasen sin i kortare eller lengre tid innanfor perioden 1890–1969.

Utvikling i bruk av namnet Thorvald frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Thorvald frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg