Faktaboks

Thorbjørn Jagland
Fødd
5. november 1950, Drammen
Verke
Politiker
Familie

Foreldre: Sveiser Helge Th. Jagland (1919–2009) og kokk Ingrid Bjerknes (1922–2006).

Gift 25.6.1975 med journalist Hanne Grotjord (29.3.1953–), datter av (stefar) regnskapsfører Harry Selnes (1925–2008) og arkivar Bodil Selnes (1926–).

Thorbjørn Jagland
Thorbjørn Jagland var generalsekretær i Europarådet frå 2009 til 2019.

Thorbjørn Jagland er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han var Noregs statsminister frå 25. oktober 1996 til 17. oktober 1997, stortingspresident frå 2005 til 2009 og leiaren av partiet frå 1992 til 2002. Jagland har også vore leiar for Den norske Nobelkomité, og var frå 2009 til 2019 generalsekretær i Europarådet.

Jagland var leiar av AUF i 1977–1981 og utgreiingssekretær i Arbeidarpartiet i 1981–1986. Han var partisekretær i 1986–1992 og Arbeidarpartiets leiar i åra 1992–2002. Jagland var stortingsrepresentant for Buskerud i åra 1993–2009, og han var parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet i periodane 1993–1996 og 1997–2000. Han overtok som statsminister i 1996 etter Gro Harlem Brundtland, men gjekk av etter valet i 1997, sjølv om partiet gjorde eit brukbart val.

Etter det dårlege lokalvalet i 1999 vart det stilt spørsmål i Arbeidarpartiet ved Jaglands leiarevner. I februar 2000 trekte han seg som parlamentarisk leiar og statsministerkandidat. Han var deretter ein kort periode leiar for utanrikskomiteenStortinget; frå mars 2000 til oktober 2001 var han utanriksminister. I 2001–2005 var han igjen leiar av utanrikskomiteen. Jagland var stortingspresident i perioden 2005–2009.

Partileiar (1992–2002) og stortingsrepresentant (1993–2009)

Youngstorget
Thorbjørn Jagland som Arbeidarpartiets leiar på Youngstorget 1. mai 1994.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Brundtland og Jagland
Gro Harlem Brundtland og Thorbjørn Jagland i TV-debatt på NRK, 25. mars 1994, i forkant av folkeavstemminga om norsk EU-medlemskap.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Thorbjørn Jagland er ein politikar som har all si yrkeserfaring frå partiarbeid. Han er fødd og oppvaksen i Drammen. Han studerte sosialøkonomi, men vart oppslukt som heiltidspolitikar i AUF før han rakk å fullføre embetseksamen. Frå 1977 til 1981 var han leiar i Arbeidarpartiets ungdomsorganisasjon, AUF. Derifrå gjekk han til ei stilling som utgreiingssekretær i partiet. Denne stillinga hadde han fram til han vart konstituert som partisekretær i 1986. Året etter vart han vald til partisekretær, ei stilling han hadde til november 1992, då han tok over som partileiar etter Gro Harlem Brundtland.

Eigentleg var nok den andre kandidaten til partileiarvervet, Jens Stoltenberg, favoritten til Brundtland, men ikkje minst leiaren i Landsorganisasjonen (LO), Yngve Hågensen, fekk kjempa fram eit fleirtal for Jagland.

I 1993 vart Jagland innvald på Stortinget. Hans gjennombrot inn i apparatet rundt Gro Harlem Brundtland kom då han var sekretær for nedrustningskomiteen i partiet. I denne komiteen vart det utforma eit kompromiss i den sterkt splittande saka om NATOs dobbeltvedtak, og Jaglands jobb vart lagt merkje til.

Han og Brundtland arbeidde godt saman, og som sekretær i programkomiteen i partiet frå 1986 til 1989 vart han sentral i fornyinga av Arbeidarpartiets politikk. Då Gro Harlem Brundtland tok over som statsminister i 1986 vart han tilbydd både statsrådstilling og jobb som statssekretær ved statsministerens kontor, men han takka nei av familiære omsyn.

Jagland er den første partileiaren i Arbeidarpartiet som har opna for at partiet kan tenkje seg å inngå regjeringssamarbeid med andre parti. Meir enn dei fleste norske politikarar har Jagland tanke for dei lange perspektiva i politikken. Han er oppteken av den langsiktige omstillinga av samfunnet for å møte eit nytt årtusen. Hans største styrke har vore at han har stor tillit i leiarskiktet i Landsorganisasjonen, og han kjenner også partiet godt og har tillit i partiapparatet.

Statsminister (1996–1997)

Regjeringa Jagland
Regjeringa Jagland i sitt første statsråd på Slottet 25. oktober 1996. Foran frå venstre: Sylvia Brustad, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, Dag Terje Andersen, Reidar Sandal, Jens Stoltenberg, Kari Nordheim Larsen, Sissel Rønbeck, Gudmund Hernes, Thorbjørn Berntsen, Thorbjørn Jagland, Kong Harald, Bjørn Tore Godal, Kjell Opseth, Grete Faremo, Grete Knudsen, Jørgen Kosmo, Hill-Marta Solberg, Terje Rød Larsen, Anne Holt og Turid Birkeland. Foran: departementsråd Per Grydeland.
Regjeringa Jagland
Av /NTB.

Då Jagland tok over som statsminister etter Gro Harlem Brundtland, hadde han lenger fartstid i toppen av norsk politikk enn dei fleste. Forventningane var store både i Arbeidarpartiet og ikkje minst hos han sjølv då han 25. oktober tok over regjeringsmakta.

Ein må nesten tilbake til Per Borten-regjeringa sine dagar for å finne maken til forventningar til ei ny regjering. Jagland fann då også fram til fleire overraskande og spennande namn som statsrådar. Han trekte inn «kjendisar» som forfattaren Anne Holt som justisminister, og diplomaten Terje Rød Larsen som visestatsminister og planleggingsminister.

Det norske hus

Han lanserte store vyar om at han no skulle omstille samfunnet for møtet med eit nytt årtusen, og dei trauste sosialdemokratiske verdiane skulle no få eit nytt innhald. Den store visjonen sin kalla han for «Det norske hus». Han visste at han no skulle «hoppe etter Wirkola». Han kunne ikkje bli, og hadde knapt noko ønskje heller om å bli samanlikna med forgjengaren Brundtland.

Politikken var fastlagd i partiprogrammet. Han måtte difor markere seg på andre måtar. «Det norske hus» var eit slikt nytt «konsept». Kanskje ville ikkje «huset» ha blitt så verst om Jagland og byggmeister Rød Larsen hadde fått fred til å bygge, men det fekk dei ikkje. «Det norske hus» kom ikkje lenger enn til teiknebrettet.

Utskifting av statsrådar

Ironisk nok var det gamle saker frå før hans tid som kom til å velte planane. Det starta med at visestatsminister og planleggingsminister Terje Rød Larsen måtte gå av nesten før han hadde fått eigen kontorpult i regjeringskvartalet. Ei gammal skattesak knytt til eit fiskeindustriprosjekt i Finnmark skapte eit enormt mediapress og gjorde at Rød Larsen måtte trekkje seg.

Den sentrale posisjonen som Jagland hadde tiltenkt Rød Larsen i regjeringa, gjorde at mykje av fornyingsprosjektet hans vart borte då Rød Larsen måtte gå. Mykje av Jaglands prestisje vart også øydelagt av gammalt grums frå tidlegare statsministrar i form av den såkalla Furre-saka.

Overvakingspolitiet si gransking av ein av medlemene i Lund-kommisjonen, Berge Furre, slo ned som ei bombe. Justisminister Grete Faremo, ein av dei sterkaste statsrådane i regjeringa, vart pressa til å gå. Terje Rød Larsen vart erstatta med riksbibliotekar Bendik Rugaas. Heller ikkje det vart nokon suksess.

Justisministeren Anne Holt måtte gå av som følgje av sjukdom. Også ho skulle vere ein frisk pust i Jaglands regjering. Det første halve året i den nye regjeringas liv vart noko bortimot eit mareritt av personutskiftingar og problemsaker. I staden for det store svevet som Jagland la opp til, vart det landing på kulen.

36,9

Deretter var det valkamp. I 1. mai-talen sin på Youngstorget i Oslo sa statsminister Jagland at Ap-regjeringa kan kome til å gå av dersom dei borgarlege partia fekk auka oppslutning ved valet hausten 1997. Underforstått i denne utsegna ligg at Ap-regjeringa kunne kome til å gå om regjeringspartiet fekk mindre oppslutning enn sist, og snart var dette konkretisert til prosenten frå 1993-valet: 36,9 prosent. Det vart den magiske grensa Arbeidarpartiet måtte ha for at Jagland skulle regjere vidare.

I realiteten var det eit slags kabinettsspørsmål overfor veljarane Jagland her stilte. Tanken bak var sjølvsagt å mobilisere flest mogeleg av Ap-veljarane. Det såg lenge ut til at partiet kunne kome til å falle under 30 prosent i oppslutning, og Jaglands krav om 36,9 prosent medverka kan hende til at partiet fekk eit betre val enn det elles kunne ha fått.

Det vart likevel ikkje nok. 35 prosent av stemmene var 1,9 prosentpoeng for lite. Det viste seg trass dette at mandatfordelinga i Stortinget etter valet truleg hadde gjort det lettare for Jagland å skaffe seg skiftande støtte frå andre parti enn det hadde vore før valet. I eit parlamentarisk system der det er vanskeleg å tenkje seg at det kan etablerast ein fleirtalskoalisjon, vil det vere fordelinga av mandata mellom dei ulike partia som avgjer spelerommet for ei mindretalsregjering, og ikkje åleine ei endring på eitt prosentpoeng eller to i stemmetalet ved eit val.

Sterk kritikk

Både partileiaren og landsstyret i Arbeidarpartiet uttrykte då også at valet hadde vore ein siger for partiet. Jagland møtte sterk kritikk for at han nærast stilte ultimatum overfor veljarane. Gro Harlem Brundtland skriv i den andre memoarboka si at ho er usamd med Jagland i det han gjorde, og politisk redaktør i VG, Olav Versto, kalla Jaglands ultimatum den mest oppsiktsvekkjande politiske handlinga sidan den romerske keisaren Caligula utnemnde hesten sin til senator.

Uansett hadde Jaglands avgjerd som konsekvens at han måtte gå av etter valet, og det utan at det vart stilt krav om det frå eit fleirtal i Stortinget. Jaglands avgang opna vegen for Kjell Magne Bondevik og ei sentrumsregjering som elles ikkje ville ha hatt nokon sjanse til å få støtte frå eit fleirtal på Stortinget.

Utanriksminister (2000–2001)

Thorbjørn Jagland vart utanriksminister i den første regjeringa til Jens Stoltenberg. Denne regjeringa kom i stand som følgje av at regjeringa Bondevik gjekk av etter å ha lidd nederlag i Stortinget i ei sak regjeringa stilte kabinettsspørsmål på. Frå 17. mars 2000 og fram til 19. oktober 2001, då eit ikkje-sosialistisk fleirtal ved stortingsvalet tilsa regjeringsskifte, var han utanriksminister. Etterpå vart han leiar av Utanrikskomiteen i Stortinget fram til valet i 2005.

Stortingspresident (2005–2009)

Sjølv hadde Jagland sikkert ambisjonar om å skaffe seg eit betre ettermæle som statsminister enn det han sleit med etter den relativt korte perioden han hadde som regjeringssjef. Den ambisjonen måtte han sette ein strek over etter at han tapte maktkampen mot Jens Stoltenberg om å vere Arbeidarpartiet sin statsministerkandidat.

Som eit slags plaster på såret oppnådde han å bli vald til stortingspresident i perioden frå 2005 til 2009.

Generalsekretær i Europarådet

Jagland gav i 2008 beskjed om at han ikkje tok attval til Stortinget i 2009. I 2009 vart han Noregs kandidat til generalsekretærstillinga i Europarådet, og den posisjonen vart han vald til. Han sette i gang ein omfattande prosess med å reformere Europarådet, og å gjere rådet meir synleg i europeisk politikk.

Han vart attvald for ein ny periode på fem år i 2014 og er den første generalsekretæren som har vorte attvald. Som generalsekretær frå 2014 til 2019 fekk Jagland gjennomført reformer i Europarådet med sikte på å gjere organisasjonen meir slagkraftig i arbeidet for å vidareutvikle demokratisk tryggleik og stabilitet i Europa.

Den norske Nobelkomité (2009–2020)

Jagland og Obama
Den første prisen som vart tildelt under Jaglands leiarskap i Nobelkomitéen gjekk til USAs president, Barack Obama.
Av /Official White House Photo.

Jagland var medlem av Den norske Nobelkomité frå 2009 til 2020, og var leiar i tida 2009–2015. Den første prisen som vart tildelt under Jaglands leiarskap gjekk til USAs president, Barack Obama. Det var ei tildeling mange reiste spørsmålsteikn ved, all den stund at Obama på det tidspunktet han mottok prisen, berre hadde fungert som president under eitt år.

Høgrepolitikaren Kaci Kullmann Five tok over leiarvervet i 2015, men Jagland heldt fram som medlem i komiteen ut 2020.

Utgjevingar

Jagland har gjeve ut fleire bøker, mellom anna Min europeiske drøm (1990), Brev (1995), Vår sårbare verden (2002) og Ti teser om EU (2003). I 2020 kom memoarboka Du skal eie det selv.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Thorbjørn Jagland

Kommentarar (2)

skreiv Christian Stranger-Johannessen

Thorbjørn Berntsen står fortsatt stavet feil i bildeteksten.
https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representant/?perid=TB&tab=Biography

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg