Thomas de Maiziére

Faktaboks

Thomas de Maiziére
Født
21. januar 1954, Bonn
av . fri

Tysk, kristenkonservativ politikar (CDU)

Politisk karriere

Thomas de Maiziére vaks opp i den dåverande vest-tyske hovudstaden Bonn. Han har ein juridisk doktorgrad frå universitetet i Münster. Han engasjerte seg politisk alt i studiedagane. Etter valet i DDR i mars 1990 vart han presserådgivar for den nyvalde statsministeren i DDR, Lothar de Maiziére, som også er søskenbarnet hans.

I denne jobben var Angela Merkel ein av kollegaene hans. Etter gjenforeininga av Tyskland i oktober 1990, gjorde de Maiziére politisk karriere i den tidlegare DDR-delstaten Sachsen, før han i 2005 vart henta inn som stabssjef for den nyvalde forbundskanslaren Angela Merkel. Sidan 2009 har han hatt ulike ministerpostar under Merkel.

Familiebakgrunn

Familien hans er etterkommarar av franske hugenottar som utvandra til Brandenburg-området på 1600-talet etter å ha blitt invitert dit av kurfyrst Friedrich Wilhelm av Brandenburg. Familien vart splitta mellom aust og vest då Berlinmuren vart bygd. Ulrich de Maiziére (1912-2006), som er Thomas´ far, vart buande i vest. Der gjorde han karriere i militæret og var frå 1966-1972 generalinspektør for den vest-tyske hæren.

Ulrichs bror, Clemens de Maiziére (1906-1980), vart buande i Aust-Berlin. Han var advokat, sterkt engasjert i den evangeliske kyrkja og medlem av det aust-tyske blokkpartiet CDU. Clemens de Maiziére er far til Lothar de Maizére.

Politiske posisjonar

  • 2004 - 2005: innanriksminister i delstaten Sachsen
  • 2005 - 2009: stabssjef ved kanslarens kontor med ministertittel
  • 2009 - 2011: innanriksminister
  • 2011- 2013 (desember): forsvarsminister
  • 2013 - innanriksminister

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg