Thomas Hardy er ein av Storbritannias fremste romanforfattarar mot slutten av 1800-talet, og han er i tillegg ein betydeleg lyrikar. Av dei mest kjende verka hans er Tess av slekten d’Urberville (Tess of the d’Urbervilles) og Jude (Jude the Obscure). Tematikken i romanane hans er gjennomgåande dyster, med personar som kjempar mot og ofte må gi tapt overfor destruktive krefter i seg sjølve og i det sosiale miljøet der Hardy plasserer dei. Samtidig er tematikken hans nyansert og kompleks, med innslag av humor og frodig miljøskildring. Samla gir romanane eit samansett bilde av ein progressiv forfattar som er sterkt kritisk til viktoriansk moral og dobbeltmoral, særleg i synet på kvinner, og som kan gi meisterlege skildringar av naturen og folkelivet i det sørvestlege England.

Hardy blei fødd i Higher Bockhamton, ein landsby aust for Dorchester i Dorset, England. Han gjekk på skule i Dorchester, men avslutta den formelle allmennutdanninga si som sekstenåring og begynte i lære hos arkitekten James Hicks. 1862 flytte Hardy til London der han vidareførte arkitektstudiane ved King’s College London. Blant anna sidan han var kritisk til britiske klasseforskjellar og kjende seg underlegen i hovudstaden, flytte Hardy etter fem år i London tilbake til Dorset og bestemte seg for å bli forfattar. Han gifte seg med Emma Gifford; sorga over henne etter at ho dødde i 1912 pregar delar av lyrikken hans. Kort tid etter at Hardy dødde i 1928, brende forvaltaren av boet breva og notatbøkene hans. Berre 12 dokument blei redda. Hardys hjarte er gravlagt i Stinsford, Dorset, saman med Emma; oska hans er gravlagt i Poet’s Corner i Westminster Abbey.

Dei to første romanane til Hardy, Desperate Remedies (1871) og Under the Greenwood Tree (1872), blei utgitt anonymt. Året etter blei A Pair of Blue Eyes publisert under hans eige namn. Under the Greenwood Tree har pastorale innslag, og det same har romanen Langt fra byens larm (originaltittel: Far from the Madding Crowd) frå 1874. Handlinga i denne romanen er lagd til Wessex, som hadde vore namnet på eit gammalt saksisk kongedømme i om lag same delen av Sørvest-England som han sjølv kom ifrå. Dei fleste seinare romanane er plasserte i Wessex, eit fiktivt landskap som kan minne om William Faulkners litterære landskap Yoknapathawpha County i den amerikanske delstaten Mississippi. Langt fra byens larm, som markerer Hardys gjennombrot, selde så bra at Hardy kunne satse på ei forfattarkarriere.

Forfattarskapen hans inkluderer romanar, lyrikk (sjå nedanfor) og noveller. Dei beste av novellene er utgitt i novellesamlingane Wessex Tales (1888), A Group of Noble Dames (1891) og Life’s Little Ironies (1894). Dei viktigaste av romanane Hardy publiserte er

  • Langt fra byens larm (originaltittel: Far from the Madding Crowd, 1874)
  • En mann vender hjem (originaltittel: The Return of the Native, 1878)
  • Borgermesteren (originaltittel: The Mayor of Casterbridge, 1886)
  • Tess av slekten d’Urberville (originaltittel: Tess of the d’Urbervilles, 1891)
  • Jude (originaltittel: Jude the Obscure, 1895)
  • The Well-Beloved (1897)

Ei rekke av romanane er omsette til norsk; fleire er også adapterte til film.

Som romanforfattar i Victoria-tida var Hardy påverka av realismen og særleg av romanforfattaren George Eliot. I tillegg er han både i romanane og i lyrikken han skreiv påverka av romantikken, særleg William Wordsworth. Hardy var kritisk til utviklingstrekk i Storbritannia i Victoria-tida, særleg negative konsekvensar av industrialiseringa og svekka status for landsbygda.

Sjølv om desse fem romanane alle er originale bidrag til den britiske romanen, er likevel Tess av slekten d’Urberville den mest kjende og kanskje den viktigaste romanen hans. Undertittelen, A Pure Woman, signaliserer forfattarens empati med hovudpersonen Tess.

Tess av slekten d’Urberville dramatiserer i romans form livet til ei kvinne frå ein fattig familie som ho gjer alt ho kan for å hjelpe. Etter at ho er blitt utnytta og misbrukt (forført eller voldtatt) av den rike slektningen Alec, improviserer Tess dåp for barnet ho får, Sorrow, før det dør. Seinare forelskar ho seg i Angel, men då ho (etter at han har fortalt henne om sine tidlegare forhold til kvinner) fortel Angel kva Alec gjorde mot henne, forlèt han henne. Hardys kritikk av viktoriansk, og særleg menns, dobbeltmoral er sviande; Angel er ingen engel. Sidan han ikkje svarar på Tess’ brev, blir ho igjen tvungen til å vere saman med Alec for å kunne hjelpe familien. Til slutt drep ho Alec, og etter ein kort periode saman med Angel, som har kome tilbake til henne, blir ho arrestert på Stonehenge og hengd.

Tess av slekten d’Urberville illustrerer viktige sider ved tematikken i Hardys romanar. Tess er ikkje naiv, men ho har ei ansvarskjensle for dei andre i familien som fører henne inn i situasjonar der ho blir grovt utnytta av menn ho møter. Kritikken av viktorianske menns dobbeltmoral generaliserer Hardy til ein kritikk av det viktorianske samfunnet, som straffar Tess, men ikkje mennene som har øydelagt livet hennar. Romanen, som blei ein bestseljar, sjokkerte samtidige lesarar ved å dramatisere negative konsekvensar av konvensjonelle viktorianske normer om kjønn, klasse og moral. Hardy kritiserer også konvensjonell viktoriansk kristendom; presten som Tess tar kontakt med etter at Sorrow er død, er nølande til å gravleggje barnet i vigd jord.

Hardy er blitt kritisert for å ha for sterk empati med sin eigen hovudperson i romanen: Kan ei kvinne som drep, vere «A pure woman»? Hardy tok seg nær av kritikken, og sjølv om han skreiv to romanar til, publiserte han etter 1900 berre poesi.

Hardy er blant dei få skjønnlitterære forfattarane som etter ein lang karriere som romanforfattar i tillegg gav eit viktig bidrag til ein annan skjønnlitterær sjanger. Han hadde skrive poesi (eller lyrikk i vid forstand) tidlegare òg, men i 1898 publiserte han Wessex Poems. Denne samlinga med dikt skrivne over ein 30-års periode blei etterfølgd av samlingar med nye dikt: Poems of Past and Present (1902), Time’s Laughingstocks (1909) og Satires of Circumstance (1914).

Hardy skreiv ulike poetiske former, inkludert lyrikk, ballade, elegi, satire, dramatisk monolog og dialog, og det episke dramaet The Dynasts (1903–08) om Storbritannias kamp mot Napoleon. Kvaliteten på dikta er ujamn, men mange er meisterlege, for eksempel «The Convergence of the Twain», som både er om skipet Titanic som kolliderte med eit isfjell 14. april 1912 og om det moderne menneskets konfronterande forhold til naturen, og «In Front of a Landscape», som på ein verknadsfull måte kombinerer landskapsskildring og refleksjon. Hardy skreiv nokre av sine beste dikt i form av elegiar etter tapet av første kona si, Emma, i 1912. Desse dikta, inkludert «After a Journey» og «The Voice», inngår i Satires of Circumstance. Innslaget av samfunnskritikk som er tydeleg i mange av romanane, kan også vere markert i lyrikken, blant anna i krigsdikt som knyter an til Boer-krigen og til første verdskrigen.

Tematisk vidarefører Hardy den britiske 1800-romanen, og han er som Charles Dickens kritisk til måten som industrialiseringa endra det britiske samfunnet på. Men denne forma for skepsis gjeld ikkje berre industrialiseringa: Særleg kritisk er han til viktoriansk dobbeltmoral og undertrykking av kvinner og av fattige, noko som mellom anna gjorde det vanskeleg for begge desse gruppene å gå på skule og studere. Grunntonen i både romanane og dikta er resignert og ofte pessimistisk, og det tilfeldige og vilkårlege i livet er eit gjennomgripande motiv. Mange av Hardys mest sympatiske personar lir seg gjennom livet; dei som er relativt lykkelege, er gjerne bipersonar som lever på landsbygda og utfører manuelt arbeid i, og med respekt for, naturen. Den økologiske dimensjonen ved Hardys romanar, noveller og dikt er tydelegare no enn for 100 år sidan.

Hardy synleggjer gjennom fiksjonen han skreiv kor styrande og hemmande sosiale konvensjonar kan vere, særleg når det gjeld kjønn og klasse, og kor katastrofale konsekvensar dei kan ha. Politisk er Hardy radikal, men framstillinga av den britiske landsbygda har idylliserande og nostalgiske innslag.

Hardy er også kritisk til viktoriansk kristendom, særleg gjennom måten den medverka til undertrykking av kvinner på. Samtidig hadde han respekt for kristen livspraksis slik han opplevde den på landsbygda. Hans eigen religion synest å ha vore ei blanding av agnostisisme, deisme og spiritisme. Han var påverka av Schopenhauer og utvikla ein teori om «The Immanent Will», ein slags blind, skapande vilje som bestemte historias gang.

Hardys forteljekunst er retorisk effektiv, sjølv om strukturen kan vere kantete og språket til dels klisjéprega. Ofte presenterer han handlinga gjennom ein tredjepersonsforteljar som ikkje deltar i den, men som litt resignert fortel om vanskane personane møter og feila dei gjer utover i plottet. Også lyrikken kan vere lite elegant strukturelt, men den kan ha stor intensitet og påverknadskraft på lesaren.

Litteraturhistorisk er Hardy ein overgangsfigur mellom den britiske 1800-talsromanen og den anglo-amerikanske modernismen tidleg i det 20. hundreåret. Han står litt på sida av modernismen slik den er representert ved forfattarar som Virginia Woolf og T. S. Eliot, men fekk mykje å seie for generasjonen etter modernismen, særleg lyrikaren Philip Larkin.

Den polsk-franske filmregissøren Roman Polanski lanserte 1979 ein adaptasjon av Tess of the d’Urbervilles med Nastassja Kinski som Tess. Filmen, som blei ein internasjonal suksess med seks Oscar-nominasjonar, var medverkande til å gi Hardy nye lesarar.

BBC produserte 2008 ein TV-versjon av Tess of the d’Urbervilles med Gemma Arterton som Tess.

Den britiske filmregissøren Michael Winterbottom lanserte 1996 ein filmversjon av Jude the Obscure.

Britiske David Thacker regisserte 2003 ein TV-adaptasjon av The Mayor of Casterbridge.

Danske Thomas Winterberg regisserte 2015 ein filmversjon av Far from the Madding Crowd med Carey Mulligan i hovudrolla.

Thomas Hardy

Thomas Hardy av Ukjent/NTB Scanpix ※. Gjengitt med tillatelse

  • Far from the Madding Crowd (1874). Omsett av Liv Malling og utgitt med tittelen Fjernt fra byens larm i 1948 Les i Bokhylla
  • The Return of the Native (1878). Omsett av Liv Mallingog utgitt med tittelen En mann vender hjem i 1948. Les i Bokhylla
  • The Mayor of Casterbridge (1886). Omsett av Liv Malling og utgitt med tittelen Borgermesteren i 1948. Les i Bokhylla
  • The Woodlanders (1887). Omsett av Liv Malling og utgitt med tittelen Skogens folk i 1948 Les i Bokhylla
  • Tess of the d’Urbervilles (1891). Utgitt av Margrete Kjær og utgitt to gonger med ulike titlar: Tess. En ren kvinnes historie i 1948. Les i Bokhylla. Tess av slekten d’Urberville i 1986. Les i Bokhylla
  • Jude the Obscure (1895). Utgitt på norsk med tittelen Jude to gonger. Omsett av Ruht Nissen-Drejer i 1949. Les i Bokhylla. Omsett av Mona Lyche Ramberg i 1997. Les i Bokhylla

Alexander, Michael. A History of English Literature. 3. utg. London: Palgrave Macmillan, 2013.

Harvey, Geoffrey. Thomas Hardy: The Complete Critical Guide to Thomas Hardy. New York: Routledge, 2003.

Kramer, Dale (red.). The Cambridge Companion to Thomas Hardy. Cambridge: Cambridge University Press, 1999.

Lothe, Jakob. “Hardy’s Authorial Narrative Method in Tess of the d’Urbervilles”. I The Nineteenth-Century British Novel, red. Jeremy Hawthorn. London: Edward Arnold, 1986.

Lothe, Jakob. “Thomas Hardys ‘The Convergence of the Twain’”. I Jakob Lothe og Per Kristian Sebak, Titanic. Historie, myte, litteratur og film. Oslo: Pax, 2012.

Miller, J. Hillis. Thomas Hardy: Distance and Desire. Harvard University Press, 1970.

Millgate, Michael. Thomas Hardy: A Biography Revisited. Oxford: Oxford University Press, 2004.

Page, Norman (red.). Oxford Reader’s Companion to Hardy. Oxford: Oxford University Press, 2001.

Tomalin, Claire. Thomas Hardy: The Time-torn Man. London: Penguin 2007.

Watts, Cedric. Thomas Hardy: “Tess of the d’Urbervilles”. Humanities-Ebooks, 2007.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.