Faktaboks

Theodor Dahl
Fødd
4. november 1886, Klepp, Rogaland
Død
5. mai 1946, Stavanger, Rogaland
Verke
Forfattar og journalist
Familie

Foreldre: Lærar og urmakar Kristian Dahl (1825–98) og Karen Torkildsdotter Engelsvoll (1851–1916).

Gift 1905 med Ingeborg Pedersen (f. 4.7.1887), dotter av bakarmeister Tollef Pedersen (1845–1901) og Marie Thorsen (1848–1926).

Theodor Dahl var journalist og forfattar. Som forteljar hadde han sans for folkelege replikkar og livet på Jæren og i Stavanger.

Bakgrunn

Theodor Dahl var fødd på KleppJæren. Etter framhaldsskulen var han handelsbetjent i Sandnes frå 1902 til 1904. Han tok deretter eksamen ved Stavanger offentlige handelsskole og var forretningsførar hos ein grosserar i Stavanger før han vart journalist i Stavanger Avis frå 1906. Dahl var så redaktør i Stavanger Morgenblad frå 1911 i eitt år og var kunsthandlar ei kort tid. Han var journalist i Vestlandsposten frå 1914 til 1916 og sidan journalist i Stavangeren i tretti år, fram til han døydde.

Dahl var oppteken av det nære og folkelege og hadde ofte ein humoristisk brodd. Han var inspirert av Christian Krohgs journalistikk og var mellom dei første som nytta portrettintervju. Frå 1938 var Dahl kåsør i NRK på frilansbasis og samarbeidde med kulturarbeidar og programsekretær i NRK, Arne Espeland. Dahl vanka i kunstnar- og forfattarkrinsar og var sjølv eit originalt innslag i bybiletet i Stavanger og ein karismatisk forteljar.

Forfattarskapen

Før Dahl debuterte med jærbetraktningane Lyngheifolk i 1921, hadde han publisert kjærleiksdikt og minnedikt i dagspressa. Han skreiv seinare både folkelivsskildringar og psykologiske romanar, der Manden paa Timpelleitet (1923) er eit døme. Diktsamlinga Jeg kranser min jord (1938) har stort innslag av jærmålet. Ei samling rim, regler og forteljingar frå munnleg tradisjon kom ut i 1944, med tittelen Humor fra hav til hei. Skildringane av Jæren er stemningsfulle og prega av lun og frisk humor. Biografien Til deg, du hei ... Paa Arne Garborgs minne-vegar kom òg ut i 1944, og Dahl var elles påverka av Arne Garborg i mykje av det han skreiv.

Dahl var målmann, men nytta begge målformene. Han fekk Statens forfattarstipend og journaliststipend. Posthumt kom ei bok om menneske Dahl mintest frå livet i Stavanger, Byen og menneskene (1947), illustrert av Henry Imsland.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Anders M. Andersen: Rogalandsbibliografi, del 1. Rogalandsforskning, Stavanger 1980
  • Ingolv Austad: «Diktningen i Rogaland», i Alf Aadnøy (red.): Rogaland. Oslo 1979
  • Engwall Pahr-Iversen: Melankoliker som likte å le. Sandnes 2011
  • Alf Aadnøy (red.): Rogaland, i serien Bygd og by i Norge. Oslo 1979

Faktaboks

Theodor Dahl
Historisk befolkingsregister-ID
pk00000000600376

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg