USA, krakket -29

Krakket på New York-børsen i oktober 1929 innledet en lang økonomisk depresjon.

Av /KF-arkiv ※.
Wall Street-krakket i 1929
Folkemengde på Wall Street 29. oktober 1929.
Wall Street-krakket i 1929
En folkemengde samler seg i gaten etter at aksjemarkedet stuper i oktober 1929.
Av .
Lisens: fri

Wall Street-krakket i 1929 var samanbrotet på fondsbørsen i New York, som starta 24. oktober og toppa seg på det som har blitt kalla «den svarte tysdagen» (Black Tuesday) 29. oktober 1929. Dei få dagane blei verdiane i den amerikanske aksjemarknaden nesten halvert. Krakket innleidde ei finanskrise som førte til ein årelang depresjon i amerikansk næringsliv og i internasjonal økonomi.

Faktaboks

Også kjend som

børskrakket i 1929, den økonomiske verdenskrisen, depresjonen

engelsk Wall Street Crash of 1929, Great Crash

Black Thursday, Monday & Tuesday

Gjennom det meste av 1920-åra, særleg frå 1923, var det stor økonomisk vekst og børsaktivitet i USA. Dei siste par åra før krakka tredde inn, var det aukande lånefinansiering av aksjehandel, og det var ikkje uvanleg at to tredelar av aksjekjøpa var finansierte med lån.

Aksjespekulantar hadde sumaren og hausten 1929 drive aksjekursane til rekordhøgder. I oktober byrja likevel ei tillitskrise å melde seg. Den vart akutt torsdag 24. oktober 1929 (òg kalla Black Thursday) då eit nærast panikkarta aksjesal såg dagens lys, og 13 millionar aksjar vart omsette på børsen.

Tonegivande bank- og finansfolk samla seg og drøfta situasjonen. Dei vedtok å prøve å stanse kursfallet ved å kjøpe aksjar for rundt 40 millionar dollar. Hendinga torsdag vart likevel det tonegivande nyheitsstoffet gjennom helga, og måndag 28. oktober (Black Monday) valde mange investorar å prøve å redde stumpane ved å selje seg ut av aksjemarknaden.

Tysdag 29. oktober 1929 (Black Tuesday) eskalerte panikken, og over 16 millionar aksjar vart selde. Det skulle ta 40 år før Dow Jones-indeksen igjen hadde eit liknande volum omsette aksjar på ein dag.

Dei få dagane frå 24. til 29. oktober 1929 mista den amerikanske aksjemarknaden 47 prosent av verdien sin. Nedturen heldt fram, om enn i meir moderat tempo, til 8. juli 1932 då Dow Jones var på sitt lågaste nivå på 1900-talet. Då hadde indeksen falle 89 prosent frå toppen. Ikkje før 23. november 1954 var Dow Jones igjen oppe på eit nivå likt det ein hadde i 1929.

Følgjer av krakket

Det var om lag berre éin prosent av amerikanarane som eigde aksjar i 1929. Det kraftige fallet i aksjekursane fekk likevel dramatiske følgjar. Finansieringa av næringslivet forsvann nesten fullstendig, og verken investorar eller bedrifter evna lenger å handtere låneforpliktingane sine.

Investeringstrustar hadde dei største tapa. Utanbys bankar tok ut over to milliardar dollar frå Wall Street, medan New York-bankane lånte ut rundt éin milliard dollar for å hindre ei bankkrise.

Næringslivet opplevde ei konkursbølgje heilt utanom det vanlege. Folk mista både sparepengar og jobb, og utan velferdsstaten til notida med sjenerøs arbeidsløysetrygd sokk etterspurnaden dramatisk i den amerikanske økonomien. Det forsterka berre den negative utviklinga og førte til endå fleire konkursar og eskalerande arbeidsløyse.

Følgjene av Wall Street-krakket var difor massearbeidsløyse og stagnasjon i amerikansk økonomi. I 1929 var arbeidsløysa 1,5 millionar, i 1930 var ho stige til 3,5 millionar, og i mars 1933 var ho oppe i heile 14,5 millionar. Kvar fjerde amerikanar var då utan arbeid. Denne situasjonen fekk store internasjonale ringverknader, ikkje minst som ei følgje av at amerikanske lån til utlandet vart sterkt redusert.

Børskrakket og følgjene av det blir òg sett på som den viktigaste årsaka til at Franklin D. Roosevelt sigra i presidentvalet i 1932 over sitjande president Herbert Hoover, der Roosevelt gjekk til val med programmet om ein «New Deal».

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg