Terje Johanssen

Faktaboks

Terje Johanssen
Født
1942, Vågan, Svolvær
Død
2005
Av /Gyldendal .

Artikkelstart

Terje Johanssen var ein norsk lyrikar som i biletrike dikt krinsa om eksistensielle tema som kjærleik og livsmeining.

Forfattarskapen

Johanssen debuterte i 1975 med diktsamlinga Vegen å gå. Seinare gav han ut ei rekkje diktsamlingar som har nådd eit stort publikum over heile Noreg. Temaa i dei tidlegaste dikta er prega av ei tid då litteraturen var farga av det politiske. Johanssen sin poesi er prega av refleksjon og biletrikdom i eit modernistisk formspråk. Han arbeidde tett saman med biletkunstnarar og gav ut til saman sju kunstbøker med dikt og grafikk.

I seinare diktsamlingar, mellom anna Atlanterens klokker (2001) og Jeg går omkring (2003), krinsa tekstane meir om sentrallyriske og eksistensielle tema som kjærleik og livsmeining. Kjende motiv i dikta er miljøet og naturen der Johanssen voks opp i Lofoten. Med eit formspråk med svært mange lyriske bilete, blir han plassert i ein modernistisk tradisjon i den norske litteraturhistoria. I 2002 kom dikt i utval i samlinga Vid utsikt. Den siste diktsamlinga han gav ut, var Slike kvelders gud i 2004.

Sjølv om Johanssen først og fremst er kjend som lyrikar, har han også gitt ut bøker med forteljande prosa og gjendiktingar. Johanssen publiserte mellom anna prosaforteljinga Montys Restaurant (1991). Saman med bildekunstnarar som Dag Rødsand og Sidsel Westbø gav har også ut fleire kunstbøker. Johanssen har gjendikta tekstar av César Vallejo (1978) og Philippe Jaccottet (1996). Frå 1983 til 1985 var han redaktør for Poesi Magasin.

Utmerkingar

Terje Johanssen fekk Hartvig Kirans minnepris i 1981 og Gyldendals legat i 1983. I 1992 fekk han Diktartavla. Kvar juni blir «Terje-Johanssen-dagene» arrangerte på Hadeland.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 8: Vår egen tid, 1998

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg