Faktaboks

Terje Dragseth
Fødd
26. juni 1955, Kristiansand, Agder
Terje Dragseth.
Av /Cappelen Damm.

Terje Dragseth er ein allsidig og produktiv norsk forfattar, musikar og filmskapar. Han skriv mest poesi, men har òg erfaring frå rockeband, film og teater.

Bakgrunn

Terje Dragseth er fødd i Kristiansand i Vest-Agder (no Agder). Han tok utdanning som filminstruktør ved Den Danske Filmskole i København i 1983–1987. Dragseth har ein allsidig yrkesbakgrunn. Han har arbeidd som reingjeringsassistent, teknisk isolatør, skiftarbeidar på fabrikk, rekvisitør, filmarbeidar og musikar. Han har òg vore skodespelar ved Grusomhetens Teater i Oslo og Odin Teatret i Danmark. Dragseth er no forfattar på heiltid.

Forfattarskapen

Dragseth er ein kompromisslaus og modig forfattar, og opprøret er eit sentralt aspekt ved forfattarskapen. Jamvel om motiva hans er moderne, har fleire plassert Dragseth i den hymniske tradisjonen, av mellom andre Henning Hagerup. Sjølv har Dragseth kalla seg realist.

Diktsamlinga Offerfesten, frå 1980, var Dragseth sin skjønnlitterære debut. Sidan har det kome mange diktsamlingar. Jeg tenker lik en pike som tar sin kjole av (1982), Nå er alle steder (1989), Kvitekråkas song (2005) og Bella Blu. Håndbok for verdensrommet (2012) er av dei mest sentrale. Den sistnemnde samlinga er noko så sjeldan som ei omfangsrik science fiction-diktsamling. I 2018 gav han ut Drømmeboka. En okkult dagbok, der han utforskar kor nær draum og dikt står kvarandre i medvitet. Han har òg skrive noveller og dramatikk, og han har gjendikta den amerikanske poeten Laura Riding Jackson til norsk (Tid for helvete, 2004). Saman med ti andre gjendiktarar gav han i 2006 ut tekstar av Leonard Cohen i Lengselens bok.

Musikk

Som musikar, vokalist og låtskrivar har Dragseth markert seg i bandet I Sing My Body Electric, som mellom anna har gitt ut platene I Sing My Body Electric (2009), ZnZ (2014) og The Color of Sound (2016). Noko tidlegare var han medlem av rockebandet Kong Klang, som gav ut og turnerte med tekstar av Dragseth – Logg i 2002 og Kvitekråkas song. Dikt og songar, eit gorrlaust makkverk i 2005.

Film

Filmskaparen Dragseth står bak mange kortfilmar, oftast med litterært innhald. Dolkaren, frå 2010, er eit videoessay om poeten Paal-Helge Haugen og hans samarbeid med biletkunstnaren Kjell Nupen og den danske poeten Inger Christensen. I 2012 vart performance-versjonen av boka Bella Blu gitt ut som DVD, med Dragseth som hovudaktør. Musikkvideoar til I Sing My Body Electric sitt album ZnZ vart i 2013 publiserte på YouTube og Vimeo.

Utmerkingar

Dragseth fekk Statens kunstnarstipend frå 2006 til 2011. For Bella Blu fekk han i 2012 Fabelprisen for beste norske verk innanfor fantastisk litteratur. I 2013 fekk han Triztan Vindtorns poesipris for innsatsen sin for norsk poesi, og i 2016 vart han tildelt det prestisjetunge danske F.P. Jacs Mindelegat. Frå 2012 fekk han Statens garantiinntekt for kunstnarar.

Bibliografi

  • Epifaner II (Lyrikk, Lord Jim Publishing, 2021)
  • Alt jeg er redd for (Lyrikk, Cappelen Damm, 2020)
  • Drømmeboka. En okkult dagbok (Roman, Cappelen Damm, 2018)
  • Epifanier (Lyrikk, Lord Jim Publishing, 2017)
  • Jeg skriver språket (Lyrikk, Cappelen Damm, 2015)
  • Solen sukker i mine sko (Noveller, Cappelen Damm, 2014)
  • Bella Blu. Håndbok for verdensrommet (Lyrikk, Cappelen Damm, 2012)
  • Ti titler. Dikt 1980–2005 (Lyrikk, Tiden, 2010)
  • TDZ. Upubliserte og publiserte tekster og dikt 1979–2006 (Lyrikk, Tiden, 2006)
  • Kvitekråkas song (Lyrikk, Tiden, 2005)
  • Laura Riding Jackson: Tid for helvete (Gjendiktning, Tiden, 2004)
  • Logg (Lyrikk, Tiden, 2002)
  • Fundament for dannelse av kaos (Lyrikk, Tiden, 2000)
  • Den amerikanske turisten. 21 historier (Eventyr, Tiden, 1997)
  • Den sovende (Lyrikk, Tiden, 1994)
  • Vækst (Lyrikk, 1990)
  • Kjærligheten er som døden, alltid levende (Lyrikk, 1990)
  • Nå er alle steder (Lyrikk, 1989)
  • Lili & revulusjonen (Dramatikk, 1987)
  • Ennå allerede (Lyrikk, Tiden, 1987)
  • Reminiscens (Dramatikk, Tiden, 1985)
  • Hymner og hypnoser (Lyrikk, Tiden, 1985)
  • Jeg tenker, lik en pike som tar sin kjole av (Lyrikk, Tiden, 1982)
  • Offerfesten (Lyrikk, Tiden, 1980)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 8: Vår egen tid, 1998
  • Terland, Ingrid: Sørlandsforfattere [...], 2002, 430-33 (bibliografi)
  • Vagant, 1992, nr. 4 (intervju av Torunn Borge, essays av Henning Hagerup og Johann Grip)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg