Faktaboks

Tea Kummen
Fødd
17. august 1893, Skjåk
Død
30. januar 1979, Skjåk

Tea Kummen var ein norsk lærar og barnebokforfattar. Ho var oppteken av målsak og likestilling og må på mange måtar ha brote med det stramme handlingsrommet samtida sette for kvinner, og etter kvart også for alder.

Bakgrunn

Ho tok eksamen ved Hamar offentlige lærerskole i 1910 og tok seinare eitt års vidareutdanning ved Noregs lærarhøgskule. Den første lærarstillinga hadde ho ved Fåberg skule i 1915. Deretter var ho lærar i Skjåk i åra 1916–44.

Forfattarskap

Som forfattar debuterte Kummen i 1931 med barneboka Villvuru, som handlar om barn i ulike sosiale miljø i bygda. I 1933 kom Den blå bringeduken, i 1947 Villveng, som fortel om møtet mellom trygge bygdebarn og ein stakkars fattiggut. I Tonen frå blåtaket (1968), er forteljinga lagd til 1870-åra og dreiar seg om at nokre fjellbygdbarn byggjer seg ei lita steinkyrkje, fordi det er så langt til den verkelege kyrkja.

Målsak

Kummen var oppteken av målsaka, og ho lukkast i arbeidet for å få innført landsmål som skulemål ved Marlo skule, der ho underviste. Vedtaket om skulemål vart gjort etter eit møte 22. mars 1925 der Kummen heldt eit foredrag om målspørsmålet. Også forkjemparar for riksmål hadde innlegg på dette møtet. Kummen skreiv landsmålstekstar for barn, ikkje minst i Norsk Barneblad, med juleheftet Joletre/Juletre. Frå 1923 til 1971 hadde ho ein tekst i nesten kvar eller annankvar årgang av dette tidsskriftet. Ho skreiv også i fleire utgåver av Årbok for Gudbrandsdalen. I bygdeboka som vart utgitt til Skjåks 100-årsjubileum, hadde Kummen ein artikkel om utvandringa frå heimkommunen til Bardu.

Likestilling

Kummen var med på å stifte Skjåk historielag i 1932 og var medlem i det første styret i dette laget. Ho var ein habil snikkar, og ho vart som den første kvinna teken opp ved snikkarlinja på handverksskulen Hjerleid på Dovre, i 1953, rettnok med status som hospitant. Som musikar var ho etterspurd, og ho underheldt mellom anna med song då Skjåk feira 100-årsjubileet sitt 19. juni 1966. Ho må ha vore oppteken av kvinnesak, for i 1928 stilte ho saman med fem andre kvinner på ei rein kvinneliste til kommunevalet, men kvinnelista fekk berre éi røyst, som attpåtil vart forkasta.

Utgivingar

Barnebøker

  • Villvuru. Oslo 1931
  • Den blå bringeduken. Oslo 1933
  • Villveng. Oslo 1947
  • Tonen frå blåtaket. Oslo 1968

Dikt og tekstar i blad

  • «Amerikaferd», Årbok for Gudbrandsdalen 1945 (dikt)
  • «Oppi Vigga», Årbok for Gudbrandsdalen 1952 (dikt)
  • «Morgon på Neto-Sæter», Årbok for Gudbrandsdalen 1953 (dikt)
  • Norsk Barneblad 1923: «Sveinung liten»
  • Norsk Barneblad 1924: «Berga»
  • Joletre 1929: «Heilag Olav-krossen»
  • Joletre 1930: «Boklaus-Kroklaus»
  • Joletre 1931: «Ut og stå på skiom» (dikt)
  • Joletre 1938: «Vesle Audhild» (dikt)
  • Juletre 1939: «Brua» (dikt)
  • Juletre 1945: «Vottane» (tekst og tone av Tea Kummen)
  • Juletre 1949: «Morgongleda»
  • Juletre 1950: «Kåpebyte» (dikt)
  • Juletre 1951: «Pipen»
  • Juletre 1952: «Kornbandet» (dikt)
  • Juletre 1953: «Lasterampa» (dikt)
  • Juletre 1955: «Semja»
  • Juletre 1956: «Sylvskeia»
  • Juletre 1958: «Gjestene»
  • Juletre 1960: «Grautkoking»
  • Juletre 1961: «Seterferda»
  • Juletre 1962: «Langt inni fjellom» (dikt)
  • Juletre 1965: «Bestemor» (dikt)
  • Juletre 1971: «Ryggsekken» (dikt)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hans P. Hosar: «Klasse, grend, kjønn? Danning av delkulturar blant bygdefolket i Skjåk 1800–1940», i Bygdesamfunnet – en sammensatt helhet. Oslo 1991
  • Tea Kummen: «Frå Skjåk til Bardu», i Skjåk. Utgjeve i høve bygdajubileet 1966. Skjåk 1966
  • «Tea Kummen», i Norsk allkunnebok
  • Årbok for Gudbrandsdalen 1952. Otta 1952
  • Årbok for Gudbrandsdalen 1953. Otta 1953
  • Årbok for Gudbrandsdalen 1966. Otta 1966

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg