Tarjei Vesaas’ debutantpris er ein norsk litteraturpris som blir delt ut til den beste unge norske skjønnlitterære debutanten det siste bokåret, etter innstilling frå det litterære rådet i Den norske Forfatterforening.
Tarjei Vesaas’ debutantlegat vart oppretta i 1964 med midlane Tarjei Vesaas fekk frå Nordisk Råds litteraturpris for romanen Is-slottet. Halldis Moren Vesaas auka kapitalen i legatet. Legatet blir administrert av Den norske Forfatterforening.
Prisen er (2021) på 60 000 kroner og eit diplom.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.