Tarimelva

Kart som viser Tarimelva
.
Lisens: CC BY 3.0

Tarim er ei elv i Xinjiang, Kina. Elva blir danna ved samanlaupet med Yarkand, som kjem frå Karakorumfjella, og Kaxgar frå Pamirfjella. Kaxgar når bare fram i år med stor flaum.

Faktaboks

også kjent som:

Kinesisk: 塔里木河 (Talimu He)

Tarimelva er om lag 2750 kilometer lang. I nedre del av elvefaret deler Tarim seg i flere greiner som stadig skiftar laup. Tarim har stor fordamping undervegs, og elva når bare delvis fram til Lop Nur. Kanalar langs øvre elvelaup og fleire reservoar langs nedre er byrjinga til ei omfattande regulering som gjev grunnlag for eit oasebruk i stadig utvikling. Jute, som veks langs elvebreiddane, blir nå dyrka i plantasjar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg