Tara

Tara er eit kvinnenamn med opphav i sanskrit. Det tyder ‘stjerne’. Tara kan også vere laga til eit irsk stadnamn som tyder ‘topp, kolle’.

Kulturell bruk

  • Tara er namnet på den plantasjen som spelar ei viktig rolle i romanen «Tatt av vinden» og filmen basert på denne romanen. Tara brukt som kvinnenamn går truleg tilbake til denne filmsuksessen.
  • Tara er eit norsk magasin for kvinner.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 370 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Tara som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg