Tante Pose

Henny Skjønberg i rolla som den bitre, grinete Blanca Bals, mest kjent som Tante Pose.

Tante Pose
Av /NTB.

Tante Pose er ein norsk film frå 1940 som har vorte juletradisjon i NRK. Svart-kvitt-komedien er tufta på forteljinga med same tittel av Gabriel Scott. Han er ein av fleire Scott-filmatiseringar ved Leif Sinding. I tittelrolla spelar Henny Skjønberg den strenge og gammaldagse tanta som til slektninganes gru skal vitje dei i jula.

Handling

Plum
Joachim Holst-Jensen gjør ei minneverdig tolking av rolla som sakførar Plum.
Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC PDM

Handlinga er lagt til slutten av 1800-talet. Det er snart jul på den vidgjetne Balsgården til sorenskrivar Nicolai Bals. Under førebuinga kjem brevet om at syster hans er på veg. Den gamle, bitre møya Blanca Bals snakkar rett ut av posen, derav tilnamnet «tante Pose». Ho skal mellom anna blande seg inn i niesenes gifteplanar. Men så vert familiens skrekk sjølv treft av Amors pil.

Om filmen

Dei første åra av den tyske okkupasjonen var ei blømande tid for norske underhaldningsfilmar. Tante Pose kom hausten 1940 og var av dei første store suksessane i denne bølgja.

Tante Pose hadde fjernsynspremiereNRK første juledag 1970, til enorm oppslutning og ønskje om reprise. Sidan har filmen vore juleinnslag i mange år.

Lengde: 1 time og 32 minutt

Eit utval medverkande

Tante Pose
Praten går på jenterommet mellom de gifteklare unge damer. Eva Lunde og Ellen Nicola som døtrene Ruth og Kirsten.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg