Tankesmie er ein organisasjon som har til føremål å stimulera til langsiktig, kreativ tenking. Ordet tankesmie, eller tenkjetank, som også blir brukt, er direkte omsett frå engelsk «think tank».

Faktaboks

Også kjend som

tenketank, tenkjetank, engelsk: think tank

Tankesmiene er akademiske verkstader som først og fremst har som offisiell grunngjeving å vera frittståande debattforum. Gjennom seminar, møteverksemd, bokutgjevingar, artikkelproduksjon og utgreiingar er ambisjonen til tankesmiene å vera til støtte for politikarar og avgjerdstakarar elles når dei til dømes skal driva langtidsplanlegging. Men tankesmiene er ikkje forskingsinstitutt.

Fenomenet tankesmie blei for alvor introdusert i Noreg i 2003 med den liberalkonservative Civita som henta inspirasjon frå svenske Timbro og danske Cepos. Seinare blei det etablert fleire tankesmier på venstresida, mellom anna Res Publica i 2006, Manifest i 2009, Progressiv i 2011 og Agenda i 2014. Multikulturelle Minotenk frå 2009 og den kristenkonservative Skaperkraft frå 2011 er andre profilerte tankesmier.

Utanlandske tankesmier

Det siste tiåret er det etablert ei lang rekkje meir eller mindre uavhengige tankesmier i Noreg. Men internasjonalt er dei eit fenomen som strekkjer seg tilbake til mellomkrigstida.

I USA kom dei til å spela ei sentral rolle, særleg i militærstrategisk tenking. Rand Corporation og Heritage Foundation er blant dei meir kjende tankesmiene.

Også i Europa har det vakse fram mange innverknadsrike tankesmier, særleg i kjølvatnet av den europeiske integrasjonen. Center for European Reform og Institute of Economic Affairs er to av dei.

Per Kleppe som organisator

Ein forløpar for tankesmiene i Noreg, slik me i dag kjenner dei, var Arbeiderbevegelsens utredningskontor 1967–1971 og 1972–1973 med seinare finansminister Per Kleppe som organisator og leiar.

I nyare tid har tankesmiene lagt vekt på å ha ein meir uavhengig status, sjølv om fleire av dei både ideologisk og økonomisk har solidaritetsband til bestemte parti eller interesseorganisasjonar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg