Faktaboks

Offisielt namn
Tangens Gardinfabrikk
Også kjend som

Skandinavisk Aktie Tyllgardinfabrik

Tangens Gardinvæveri

Organisasjonstype

aksjeselskap

Stifta
1890
Tangens Gardinfabrikk på utstilling under Abelhaugen i 1957.

Tangens Gardinfabrikk var ein fabrikk i Bergen som produserte gardiner, møbelstoff og andre brukstekstilar. I ein periode var bedrifta ein av Skandinavias leiande innan sitt område, med stor eksport.

Bakgrunn og etablering

I 1881 kjøpte Anton F. Simonsen tomt på Nygårdstangen i Bergen for å starte gardinfabrikk. Fabrikkbygningen og maskinene blei dyrare enn venta, og Simonsen hadde ikkje nok kapital til å kome i gang med produksjonen. I 1882 slo han seg konkurs, og eigedomen blei kjøpt av den velståande handelsmannen Christian Sundt, som overdrog fabrikken til sonen Christian Gerhard.

Dei første åra produserte fabrikken gazegardiner på 36 små vevstolar. Åra fram til 1889 må reknast som prøveår for Sundt. Bedrifta gjekk med underskot, men verken den unge eller den eldre Sundt miste trua. I 1890 vart drifta omorganisert i eit nydanna aksjeselskap – Skandinavisk Aktie Tyllgarnfabrik.

Vekst

Løysinga vart å byggje ein helt ny fabrikk for å produsere tyllgardiner. Fabbriken vart teikna av arkitekt August Steenberg Schak Bull og hadde britisk maskineri. Fabrikken vaks, og i 1896 var arbeidsstokken på 225–250 kvinner og menn. Med moderne maskineri og rasjonell drift satsa Sundt på eksport. Først til unionslandet Sverige, der ein kunne føre varer inn i landet utan toll, og så til andre land. Då mellomrikslova vart oppheva i 1897 hadde Sundt allereie danna eit eige aksjeselskap i nabolandet, Aktiebolaget Skandinaviska Trådgarnfabriken, Tangen pr. Stockholm. Tidleg på av 1900-tallet vart Tangens-gardiner eksporterte til heile verda.

Mellomkrigsårene

Lenge hadde bedrifta faste utstillingsmonter på «Permanenten» i Bergen, og midlertidige utstillingar blei sende ut til mange av landets byer på 1930-talet. Frå 1925 utvida fabrikken med fargeri, og leverte farga gardiner i tillegg til dei klassiske varene i beige, kremkvit og elfenbein.

Fram til ein brann i fabrikken i 1914 vart fabrikken drive av eit stort dampmaskinsanlegg. Etter brannen gjekk ein over til straum frå Bergens Elektrisitetsverk. Fire gongar var det brann i fabrikken, i tillegg til ein eksplosjon i 1944.

Sundt måtte selje den svenske fabrikken i vanskelege år etter 1920.

Christian Sundt vart sjuk i 1928, og sonen Rolf, og seinare Leif Sundt, tok etter kvart over drifta. I 1935 endra firmaet namn til Tangens Gardinfabrikk, som var eit enklare namn utan direkte kopling til den skandinaviske marknaden. I 1937 opna ein ei ny avdeling for dekorasjons- og møbelstoff.

Design og produksjon

tekstilprøve
Stoffprøver av møbelstoffer produsert ved Tangens Gardinfabrikk.

Gardinene blei framstilte frå idé til ferdig gardin på ein og same fabrikk. Først blei mønsteret utforma og teikna, og slått inn i papplater som «programmerte» mønsteret i jaquardveven. Dette arbeidet var ein samansett prosess med høge presisjonskrav. Mottoet til Sundt sjølv skal ha vore «Nøyaktighet er grunnlaget for enhver forretning».

Til møbel- og gardinstoff brukte ein stort sett bomullsgarn, kunstsilke og cellull. Garnet blei spola opp på ein trommel av trespiler, og så tilbake på bommar som blei sette inn i maskina. Jacquardvevane kunne vege heile 30 tonn og var 6 meter høge.

Etter at gardinene var ferdig vevde blei de sende til «råviblingen», ein stor sal der kvinnene sat og retta feil i gardinstoffet med nål og tråd. Så blei gardinene sende gjennom ei sjakt til vaskeriet og bleikeriet. Ei strykemaskin behandla to-tre lengder med stoff ved sidan av kvarandre om gongen.

På «hvitviblingen» ble gardinene nok ein gong sjekka for feil. Deretter var gardina klar for samanleggingsmaskina. Den blei målt og rulla saman i lengder på 40–60 meter med papirmåleband, og merka med løpenummer, lengd, breidd og fargenummer. På lageret og ekspedisjonen blei varene pakka og merka med namn og adresse før dei blei sende ut på verdsmarknaden.

Nedleggelse

I 1972 la fabrikken ned. I over førti år var det som var att etter den pakka ned på ulike lager. Våren 2014 fekk Bergen Byarkiv og Norsk Trikotasjemuseum overta arkiv, foto og vareprøver etter 82 år med gardinproduksjon på Nygårdstangen i Bergen.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Simonnæs, Olav (1950). Tangens Gardinfabrikk: 1890–1950

Faktaboks

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg