Tananger er ei tettgrend i Sola kommune i Rogaland, og ligg om lag 9 km sørvest for sentrum av Stavanger, sør for munningen av Hafrsfjord. Tananger er rekna som del av Stavanger/Sandnes tettstad.

Tananger har hatt stor vekst sidan 1970-åra som følgje av industriutbygging og særleg utbygging av oljeforsyningsbasar i Risavika. Staden har lang tradisjon som fiskehamn og losstasjon og har fleire freda hus, mellom anna tollstasjon frå 1777. Frå Risavika går det bilferje til Hirtshals i Danmark og til Bergen. Kystkultursamlinga i Tananger har mellom anna trankokeri, naust, akvarier og eldre bruksbåtar.

Utanfor Tananger ligg Flatholmen fyr, som nå er besøksfyr.

Namn

Det siste leddet i namnet kjem av norrønt angr, ‘vik’ eller ‘fjord’. Det første leddet er usikkert, men kan vera norrønt þang, ‘tang’, eller tangi, ‘odde’.

Kart

Tananger
Tananger
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg