Tørres er eit mannsnamn. Det er ein variant av Tørris som går tilbake til Torgils av det norrøne Þor-gísl der forleddet er gudenamnet Tor. Bakgrunnen til etterleddet er noko uklar. Gisle kan vere det same som forleddet Gisel- i det tyske Gisel-bert der Gisel tyder ‘spire, skott (på tre)’. Andre namn med denne tydinga er Chloe, Ritva og Vesa. Gisl- kan også gå tilbake til ei våpennemning (pil).

Namnet har fleire variantar: Tørres, Tørris.

Personar med namnet Tørres

Kulturell bruk

  • Tørres Snørtevold, hovudperson i Alexander Kiellands siste roman «Jacob» (1891).

Kjende personar med namnet Tørres

Eit utval personar med namnet Tørres, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 150 menn (fødde i Noreg) som hadde Tørres som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tørres på 1800-talet.

Tørres var klart mest brukt i Vest-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tørres på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Tørres var klart mest brukt i Vest-Agder.

Historisk bruk av namnet Tørres
Historisk bruk av namnet Tørres
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Otterbjörk, Roland 1979: [Svenska förnamn]. Kortfattat namnlexikon. Skrifter utgivna av Svenska språknämnden. Tredje upplagan. Stockholm.[/li][li]
  • Seibicke, Wilfried: [Historisches Deutsches Vornamenbuch. 1–4]. Walter de Gruyter–Berlin–New York.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg