Tønnes Sirevåg

Faktaboks

Tønnes Sirevåg
Født
21. januar 1909, Nærbø i Hå, Rogaland
Død
3. mars 1994, Oslo

Tønnes Sirevåg, foto frå 1954. Bilete frå Norsk biografisk leksikon.

Tønnes Sirevåg
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Tønnes Sirevåg var lektor, skuleadministrator og forfattar. Han hadde ein sentral posisjon i utforminga av det norske skuleverket i etterkrigstida, og skreiv ei rekkje lærebøker og skulehistoriske verk og artiklar.

Bakgrunn

Tønnes Sirevåg var fødd på Nærbø i i Rogaland. Han utdanna seg som cand. philol. i 1936 ved Universitetet i Oslo med faga engelsk, norsk og historie, og med pedagogisk eksamen i 1935. Hovudoppgåva hans i historie tok føre seg Jæren på veg frå naturalhushaldet.

Karriere

I 1936–1939 arbeidde han som lektor ved Eidsvoll off. landsgymnas og i 1939–1953 ved Haugesund kommunale høyere almenskole. I 1954 blei han utnemnt til leiar for det nyoppretta Forsøksrådet for skoleverket, og i 1960 til ekspedisjonssjef i Kyrkje- og undervisningsdepartementet. I 1968–1976 var han rektor ved Oslo katedralskole. Frå 1976 til 1979 var han statsstipendiat, og han skreiv då og seinare fleire bøker med skule som tema, mellom andre Den niårige skulen. I opphav og strid (1979), Katedral og karusell. Streiflys på skole og politikk i krig og fred (1981) og Utsyn over norsk høgre skole. Frå lærde skolar til lov om vidaregåande opplæring (1988).

Sirevåg var internasjonalt orientert som skulemann. Han var på studieopphald i Storbritannia i 1946 og i USA i byrjinga av 1950-åra, og i 1960-åra var han medlem av Europarådet sin komité for undervisning. Han hadde såleis brei bakgrunn då han gjekk inn i arbeidet med den største av skulereformene i denne tida, nemleg å innføre 9-årig grunnskule her i landet.

Sirevåg blei i 1989 utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Alfred Oftedal Telhaug: «Tønnes Sirevåg. Kunnskapsskolens mann som forsøksleder», i Harald Thuen og Sveinung Vaage (red.): Pedagogiske profiler. Norsk utdanningstenkning fra Holberg til Hernes. Oslo 2004

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg